MEIR: Les Gisle Hannemyr sin kommentar: Frå monopol til mangfald
Ungdom kjenner knapt til ordet Kringkasting lenger, medan omgrepet blogging er ein del av daglegtalen.
Medierådgjevingsfirmaet Iniative Universal Media har kartlagt mediebruken blant ungdom mellom 12 og 24 år. Den viser ei markant nedgang for tradisjonell kringkasting.
- Det er nesten litt dramatisk, seier medierådgjevar Kristian Sørli.
Det er spesielt TV-tala som går i nedoverbakke akkurat no. Sørli kan fortelje at det berre i løpet av siste år har vore ein nedgang på over 10% i aldersgruppa 12 til 24. Og radiobruken har gått endå meir ned om ein ser på dei tre siste åra.
Den store vinnaren er heilt klart internett. Bruken har gått opp frå 57 min til 99 min frå 2004. Det er ei auke på over 70%.
Men kva nyttar dei nettet til?
Kurers Line Gevelt Andersen har snakka med Siri på 13, Ane på 15 og Emil på 14 om medievanene deira.
Alle tre nyttar nettet til å prate med folk. Og når dei skal skaffe info til skuleprosjekt er det utelukkande nettet dei vel å bruke. Men det blir og eit direkte alternativ til fjernsynet.
Det kan gjerne vere lettare å finne seriar på nett enn å følge dei på TV. (Dette er ei side som tilbyr smakebitar, ikkje gratis nedlasting av heile program)
- Eg ser nesten ikkje på TV, seier Emil(14). – TV-seriar kan eg få på nettet. Då kan eg sjølv bestemme når eg vil sjå ein episode.
At dette er straffbart er ikkje Emil uroa over. Han syns det burde vore lov. Ingen av dei tre ungdommane kan svare på kva Kringkasting er. Men dei veit sjølvsagt kva blogging er. Og til dei der ute som ikkje veit det kan Emil forklare;
- Det er ei slags dagbok på nett som andre kan lese. Det er artig og spanande å kunne dele med resten av verda.
Ei demokratisert medieverd
Medieforskar Eirik Solheim i NRK meiner at folk har ein tendens til å overdrive kraften nye medier har til å konkurrere ut dei eldre. Men han ser og at nettet no kan ha ein del fordelar foran tradisjonell radio og TV.
- Nokre av tinga på nettet har ein eksplosiv fart. Og nettet har ein enorm dynamikk høve til kva folk nyttar det til.
Eit eksempel på nettet sin popularitet er nettstaden YouTube, ein plass der folk sjølv kan legge ut videoklipp dei har laga sjølv. Det ligg millionar av videoklipp ute.
På YouTube kan kven som helst legge ut til dømes dagboka si på nett så alle kan sjå. Her er det ei norsk jente som fortel om kvardagen sin.
- Det ligg jo djupt nede i instinkta til menneske at ære og berømmelse er noko ein vil oppnå.
Og han påpeikar at ein no på eit studentbudsjett kan kjøpe produksjonsutstyr med god kvalitet, noko som kun var aktuelt for NRK før.
- For å setje det på spissen så er det no ca 900 000 potensielle mediehus som kan nå fram til over halvparten av Noregs befolkning med video og lyd. Det snur opp ned på ein del ting.
Med den gamle krigkastingsmodellen var det vanskelegare for folk å vere deltakande med sine innspel. På nettet kan kven som helst delta i diskusjonar akkurat når det passar dei.
- Ein stor mediemogul samanlikna den samfunnsmessige omveltinga med den gongen boktrykkarkunsten kom for 500 år sidan. Det handlar om den valdsame demokratiseringa. At alle no slepp til.
Ifølge Eirik Solheim er utviklinga for NRK no at døgeret berre har 24 timar. Noko som ikkje er lenge med tanke på dei mange medietilboda som vil ha sin bit av brukaren si tid.
MEIR: Les Gisle Hannemyr sin kommentar: Frå monopol til mangfald