Hopp til innhold

Vebjørn Sand med hytteprosjekt: – Dei er som eit kunstverk

Vebjørn Sand satsar no på eigendesigna hytter med eventyrleg utsjåande. – Eg trur ikkje det blir ein slager, men det er det få hytter som blir, seier arkitekturkommentator Erling Dokk Holm.

Ei av hyttene Vebjørn Sand har teikna.

HJERTEHYTTA: Ovanifrå har Hjertehytta form som eit hjarte. – Dei er inspirerte av stavkyrkjedekor som møter det reine og stramme, fortel Sand.

På sin eigen 55-årsdag, lanserer kunstnaren sitt siste prosjekt, «Jordbærtunet».

– Målet mitt har vore å lage dei vakraste og mest eventyrlege hyttene eg kan tenke meg. Og eg veit at god arkitektur kan redde liv. Du kan bli sjuk av dårleg arkitektur, fortel Vebjørn Sand.

Portrett av kunstnaren Vebjørn Sand

Kunstnaren Vebjørn Sand.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Vebjørn Sand ønskjer å vere som sitt store førebilete Leonardo da Vinci, som var både kunstnar, ingeniør og arkitekt.

Gjennom karrieren har Sand hatt fleire store prosjekt der han arbeider i spenningsfeltet mellom desse. Som då han reiste Kepler-stjerna ved Gardermoen, ei bru basert på Da Vinci sine eigne teikningar og «Roseslottet».

Ei av hyttene Vebjørn Sand har teikna.

Vebjørn Sand har dekorert Hjertehytta med limtredragarar.

Hytter for sjela

No har han designa ei rekke ferdig-hytter som folk kan kjøpe. Han forklarer dei som eit møte mellom det moderne, minimalistiske og det meir tradisjonelle, med gamle element.

– Hytter som berre er uimotståelege. Som gjer ein lukkeleg. Eg har sett saman former, proporsjonar og laga rom som det er godt å vere i for kropp, sjel og sinn.

Ulvens Rike. Hytte designa av Vebjørn Sand.

ULVENS RIKE: – Det liknar meir på tribal-tatoveringar frå 2005 enn vakker hytte-dekor, seier Ragnhild Brochmann om denne hytta.

Sand meiner at han med sin bakgrunn har ein fordel framfor dei som er utdanna arkitektar.

– Vi kunstnarar tenker meir heilskapleg og friare enn mange arkitektar. Vi har også andre referansar og kan bringe ein ny dimensjon inn i byggverka.

– Ringenes Herre-arkitektur

Estetikaren Ragnhild Brochmann meiner at Hjertehytta ser ut som noko tatt rett ut frå Ringenes Herre-filmane.

– Dei ser ut som noko laga av eit samarbeid mellom Bilbo frå Ringenes Herre og Elrond, den store alvehøvdingen.

Fargerikt portrett av estetikaren Ragnhild BRochmann.

Ragnhild Brochmann synest at norske hytter er veldig like og fargelause.

Brochmann synest at mange av hyttene som blir laga i dag er påfallande like og at det er ein veldig unison ide om kva som er attraktivt.

– Eg håper at dette slår an fordi det er nytt og eg er open for alt som er litt annleis. Hytter i Noreg er grå og triste. Eg ønskjer alle radikale hytte-utfordrarar velkomne.

– Trur ikkje det blir ein slager

Arkitektur-kommentator Erling Dokk Holm meiner at fleire av hyttene ser ut som vanlege hytter som blir laga allereie. Og dei som skil seg mest ut trur han kan bli vanskelege å selje.

– Eg trur ikkje at dette blir ei populær hytte som folk flest ønskjer å kjøpe. Eg trur ikkje det blir ein slager, men det er det få hytter som blir.

Bylinebilde - Erling Dokk Holm

Erling Dokk Holm synest at fleire av hyttene Vebjørn Sand har teikna liknar på hytter som finst frå før.

Dokk Holm meiner at Sand kan ha større suksess med hyttene om dei kan leigast ut til folk som vil ha ei spesiell natur-oppleving. Han trekker fram Juvet Landskapshotell og hytter i tretoppar som eksempel som har blitt svært populære.

– Det kan hende at enkelte som bygger opp turistdestinasjonar som vil tilby ei form for spektakulære opplevingar kan gå for dette.

– Tar avstand frå den modernistiske retninga

Målaren Øde Nerdrum er ikkje særleg stor fan av moderne arkitektur, noko som han fleire gongar har uttrykt i norske medium.

Portrett av kitsch-målaren Øde Nerdrum.

Kitsch-målaren Øde Nerdrum ønskjer at det skal bli bygd meir klassisk arkitektur.

Foto: Per Heimly

Han meiner at den modernistiske arkitekturen i dag har utvikla seg innan to retningar:

– Den eine er den kalde, firkanta, «pragmatiske» klossen. Dette gjeld alt frå bustadblokkar for folk med lave inntekter, til luksusleilegheiter. Den andre retninga er i større grad prega av blaute eller skeive former og er sterkt prega av fantasien til arkitekten.

Nerdrum meiner at Hjertehytta til Sand tilhøyrer den siste kategorien, som er den retninga innan modernismen han føretrekker. Sjølv om han meiner at den moderne arkitekturen taper mot den klassiske arkitekturen, er det noko han likar med hytta:

– Eg har sansen for bruken av naturlege materialar, som eg og mange menneske elskar, samt dei organiske formane.

Og prosjektet er på mange måtar Vebjørn Sand si reise tilbake til naturen.

– Eg har budd 17 år i New York. Å vere i nærleiken av natur lengtar eg etter. Med dette prosjektet ønskjer eg å kome tilbake til naturen, avsluttar Sand.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober