Hopp til innhold

Kunstkritikar om Oslo sin nye skulptur: – Minner om Elefantmannen

Neste veke skal skulpturen «Mora» avdukast utanfor Munchmuseet. Det vekker både skepsis og glede.

Toppen av statuen «Mora» ser klumpete ut.

Andlet på statuen «Mora».

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Ein har forskjellige sterke kvinner i skulptur. New York har fridomsgudinna, Danmark har den vesle havfrua og vi har den store mor.

Stein Slyngstad som er direktør for kulturetaten i Oslo kommune, har høge tankar om statuen som blir avduka den 4. juni.

Stein Slyngstad

Direktør for kulturetaten Stein Slyngstad er positiv til skulpturen «Mora» som skal stå framfor det nye Munchmuseet.

Foto: Sebastian Ludvigsen / ABM-utvikling

Før den tid, skal den 9 meter lange og 18,2 tonn tunge «Mora» flyttast over kanalen. Ifrå Sukkerbiten, der ho står no, til Inger Munch si brygge som er like utanfor Munchmuseet.

Der skal ho knele ut mot Oslofjorden, omringa av ei blomstereng med lokal flora.

Prosjektet er eit par år på overtid på grunn av pandemien, men no står ho klar, skjult bak presenningar og delvis dekt av stillas.

– Eg synest ikkje den er fin

NRK tok med seg kunstkritikar Lars Elton frå Dagsavisen for å ta ein kik på skulpturen før avdukinga.

– Eg synest ikkje den er fin. Den er klumpete utført og har dårlege detaljar.

Lars Elton skal skrive ny bok om Oddvar Torsheim

Kunstkritikar Lars Elton, her på ei anna skulpturbefaring i vinter, har ikkje mykje fint å seie om statuen «Mora».

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han meiner kroppen er dårleg forma, og reagerer spesielt på hendene, føtene og hovudet.

– Verket gir assosiasjonar til Elefantmannen, ein mann som eksisterte i verkelegheita og som David Lynch laga film om.

Henda til bronsestatuen «Mora».

Hendene til «Mora».

Foto: Stig Jaarvik / NRK

– Når ein forstørrar ein 15 cm høg modell til ein ni meter høg skulptur, forsvinn mykje på vegen. Det som var godt utført ser svært rart ut i ein så stor skulptur.

– Praktfull

I motsetning til Elton, er Slyngstad nøgd.

– Eg synest den ser praktfull ut, om den ser ut som ein leirklump eller ikkje.

Trass i kritikken, har Elton trua på at «Mora» kan bli ein turistmagnet i hovudstaden.

– Munch tiltrekker seg turistar og det å ha ein internasjonal bigshot som Tracey Emin utanfor museet er sjølvsagt ein ekstraattraksjon.

Stor stjerne

Britiske Tracey Emin er stor innan samtidskunsten og då det nye Munchmuseet opna, hadde ho hovudutstillinga. Ho er kjend for å lage rå, intim og ekte kunst. Ofte basert på eigne opplevingar.

Tracey Emins "My bed" utstilt sammen med Munchs "Marats død" på det nye Munchmuseet

Emin stilte ut senga si på Munchmuseet.

Foto: Munchmuseet

Ho og sju andre kunstnarar var med i ein konkurranse i regi av Oslo kommune, der vinnaren skulle få æra av å utsmykke Inger Munch si brygge.

Emin stakk av med sigeren, med ideen sin om «Mora», som handla om å gje Edvard Munch tilbake mora si, som døydde av tuberkulose då han var fem år gamal.

– Vi har knapt nok sett makan til dette i bronse før i historia. Og den overordna ideen bak «Mora» trumfar alt, seier Elton.

Mother utenfor Munch-museet

Ein illustrasjon som viser «Mora» i blomsterenga utanfor Munchmuseet.

Totalt kosta statuen 18,6 millionar. Oslo kommune har betalt 14 millionar. Resten har kunstnaren sjølv betalt ifrå si eiga lomme.

Vil ha diskusjon

– Eg elskar det! Det blir utruleg å sjå ho i landskapet saman med det store Munchmuseet, sa kulturbyråden, Omar Samy Gamal (SV).

Byråd for kultur, idrett og frivillighet i Oslo Omar Samy Gamal

Kulturbyråden i Oslo, Omar Samy Gamal (SV)

Foto: Sturlason

Han påpeiker at «Mora» blir eit monument i hovudstaden, som passar på byen.

– Eg håper dette skapar masse diskusjonar om estetikken og symbolikken. Det er rolla til kunsten i samfunnet.

Han svarer på kritikken om at statuen er røft utført, med at han likar nettopp det med den.

– Eg håper folk tar seg tida og lar ho vekse på dei. Fordi ho skal utfordre. Det er eit svært flott kunstverk.

Tracey Emin kjem til Noreg for å vere til stades når kunstverket skal flyttast og avdukast neste veke.

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)