Hopp til innhold

Kunstig intelligens skapar bekymring for likestilling

Då Amazon skulle bruka kunstig intelligens for å finna dei beste teknologane, viste det seg at systemet deira ikkje likte kvinner. Det bekymrar likestillingsdirektoratet.

Emil Iversen er overlege ved AMK Oslo

OBS: Emil Iversen er med på å utvikla eit nytt KI-prosjekt som potensielt kan redda liv. Dei er obs på at KI kan skapa diskriminering.

Foto: Erik Lerbæk / Erik Lerbæk

For nokre år sidan brukte Amazon kunstig intelligens (KI) til å finna dei beste kandidatane til nye stillingar.

Det resulterte i at berre menn blei sett på som verdige kandidatar, ifølge Reuters.

Algoritmane viste seg å ha blitt trent på nesten berre søknadar frå menn. Dermed blei ingen kvinner rekna som eigna.

Ein ny rapport gjer Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) bekymra for om kunstig intelligens kan få konsekvensar for likestillinga.

Kunstig intelligens som reddar liv

Stadig fleire KI-prosjekt er under utvikling i offentleg sektor i Noreg.

Eitt av dei er prosjektet «AI beslutningsstøtte i medisinske nødanrop» hos Helse Bergen. Målet her er at KI skal gjera det enklare for dei som svarer på medisinske naudanrop, og i beste fall redda liv.

Måten det fungerer på er at den kunstige intelligensen lyttar på samtalen. Han leitar så gjennom pasienten sin medisinske historikk og analyserer det som blir sagt. Deretter vil han kunna fortelja 113-operatøren om det er ekstra stor fare ein gitt tilstand, i første omgang hjerneslag.

Men kva om innringaren ikkje snakkar godt norsk?

– Ei openberr utfordring i prosjektet vårt er at innringarar til 113 snakkar fleire språk og dialekter, fortel prosjektmedarbeidar Emil Iversen.

Emil Iversen er overlege ved AMK Oslo

Emil Iversen er overlege ved medisinsk naudtelefon i Oslo og forskar ved KoKom på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Foto: Erik Lerbæk / Erik Lerbæk

Prosjektet er tidleg i utviklingsfasen endå. Likevel er dei allereie no svært merksame på faren for diskriminering ved bruk av KI.

Ikkje alle i offentleg sektor er like merksame på det.

Tre prosent av dei 491 spurde offentlege verksemdene, meiner at kunstig intelligens kan auka risiko for diskriminering. Det viser ein ny rapport laga av Rambøll og Vestlandsforsking på oppdrag av Bufdir.

– Det er urovekkande at det er så lite kunnskap om likestilling og diskriminering i kunstig intelligensprosjekt, seier avdelingsdirektør Anna Bjørshol i Bufdir.

Anna Bjørshol avd.dir i Bufdir

Anna Bjørshol i Bufdir meiner det er viktig at fleire blir merksame på at KI kan medføra fare for diskriminering og ulikskap.

Foto: Ida Yasin Andersen/NRK

– Erfaring frå utlandet viser at det kan gi store negative utslag for enkelte grupper i samfunnet, som i det eksempelet frå Amazon, seier Bjørhol.

Lett å løysa

KI-ekspert Morten Irgens deler bekymringa til Bjørshol.

– Desse systema verkar jo så smarte heilt til me går litt i djupna av dei. Me forvekslar dei med kunnskap medan det eigentleg berre er tekst.

KI-systema er trent opp på masse data frå internett og frå andre kjelder. Dersom denne dataen berre inneheld éin type informasjon, vil ikkje KI-systemet ta omsyn til mangfaldet i samfunnet. Det forklarer Irgens.

– Visst dataen berre har informasjon om eller frå kvite menn i 50-åra, gir ikkje systema nokre gode råd som tar omsyn til mangfaldet i samfunnet. Då kan systema komma med råd som er diskriminerande og nokre gonger fordomsfulle.

Morten Irgens

Morten Irgens er prosjektleiar for forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid på Høyskolen Kristiania. Han har halde på med KI sidan slutten av 80-talet.

Foto: Kristiania/Jonatan Quintero

Irgens meiner at det er lett å løysa dette problemet om me berre tenker litt annleis om kva KI er.

– Det gjeld å gjera brukarane av desse systema trent i å ikkje tenka på systema som allvitarar, men som ivrige lærlingar som nokre gonger tar heilt feil.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.