NRK Meny
Normal

Kunst mot krim

Ein filosof, ein forfattar og ein kunstmalar sit i Bjørgvin fengsel saman med 80 innsette. I dette "opne" fengselet i Bergen får dei innsette driva med kunst og litteratur i tillegg til møter med filosofen.

Bjørgvin fengsel
Foto: NRK

Bjørgvin fengsel

Ingen av dei 80 innsette har lengre dommar enn 3 år. Mange av dei sonar promilledom eller andre dommar med få månaders straff. Bjørgvin fengsel held til i bygningar som tidlegare var brukte av Vestlandsheimen (psykisk utviklingshemma). Når fengselet blir kalla ope, så er det fordi dei innsette kan gå fritt omkring på heile området og har eigen nøkkel til rommet sitt. Fengselet vart etablert for å få ned lange soningskøar, og det er usikkert kor lenge det skal vera fengsel her.

Filosof

Marianne F. Walderhaug er filosof i fengselet. Ho samlar fleire innsette til gruppediskusjonar, blant anna diskuterer dei fridom og kva soning er. Dessutan har ho samtalar med ein og ein av mennene.Marianne seier at ho sjølv har lært mykje av å snakka med dei innsette, som har mange og ulike erfaringar.

Vigdis Hareide
Foto: NRK

Biletkunstnar

Vigdis Hareide er utøvande biletkunstnar. Men i tillegg hjelper ho innsette igang med ulike typar kunstprosjekt. Alle skilt inne og ute på fengselsområdet er laga av innsette, som sjølv utformar sjablongane. Ho hjelper også til med utstillingar av kunstverk i fengselet. Mange av dei som sonar her har funne ut at dei har kunstneriske evner, seier Vigdis, og det er å håpa at nokon av dei vidareutviklar dette også utanfor murane.

Annette Mattsson
Foto: NRK

Forfattar

Annette Mattsson er forfattar og har vore i fengselet to månader.Ho har ei gruppe, der dei les noveller saman og diskuterer dei. Annette seier ho prøver å gi dei innsette innblikk i litteratur dei ikkje har vore borti tidlegare. Fengselsbiblioteket har eit bra utval bøker, og mange innsette les svært mykje. Fengselsforfattaren vil også stimulera innsette til å skriva sjølve.

Frå innelukking til omsorg

1.betjent Inge Instebø har vore i fengselsvesenet i nærare 30 år.Han er svært glad for at det er slutt på at alle skal låsast inne på celler. Han nektar for at det er å sy puter under armane på dei innsette. Det er viktig at dei får trening i å kunna fungera saman med andre, slik at dei er betre istand til å klara seg etter soninga, seier Inge.

Å våga å stå fram

I Norge Rundt-programmet frå Bjørgvin fengsel er det to innsette som vågar å så fram og visa at dei sonar der. Mange andre ville gjerne ha gjort det, men vegrar seg av omsyn til familien heime. Ennå er det tydelegvis forbunde med skam å sona i fengsel. Ingen av dei som medverkar i programmet er straffa for vald..