NRK Meny
Normal

Kunst for millionar er framleis borte

Seinast førre veke vart eit norsk museum ramma av eit stort tjuveri, da ei rekke vikingskattar forsvann frå Historisk museum i Bergen. Vi har samla elleve av dei største kunsttjuveria dei siste 30 åra.

skrik

Ein versjon av Munchs «Skrik» vart stole frå Munchmuseet i 2004. To år seinare kom det heim att til museet, men det hadde fått fleire skadar som følgje av ranet.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Munchmuseet har vore heimsøkt fleire gonger, dei har mange kjente verk både i norsk og internasjonal kontekst.

Kenneth Didriksen arbeider med kulturkriminalitet i Økokrim, og fortel at Munch er ein av få norske kunstnarar som er store nok til å bli selde på ein internasjonal marknad.

Økokrim: Kenneth Didriksen i kunst og kulturavdelingen i Økokrim.

MÅ VERA TOLMODIG: Kenneth Didriksen i Økokrim seier at å oppklare kunsttjuveri ofte har eit langt tidsperspektiv. Det meste finn vegen heim att – til slutt.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

– Det er ei utfordring å løyse desse sakene, men måleri blir ofte stolne for å bli selde vidare. Dei må ut på ein marknad, og da blir dei synlege for mange.

Didriksen fortel at dei deler inn kunsttjuveria i tre kategoriar ettersom kva motiv tjuvane har.

– Dei absolutt fleste stel for økonomisk vinning. Nokre stel for å ha heime på veggen sjølv, og nokre søkjer spenning og stel for å ha som trofé.

Dei følgjande elleve punkta er Økokrim si liste over dei viktigaste kunsttjuveria i Noreg dei siste 30 åra. Fleire av sakene er oppklarte, men framleis er kunst for millionar av kroner sakna.

1. Vampyr

«Vampyr» er eit måleri av Edvard Munch, som finst i fire ulike eksemplar. Eitt av dei vart stole frå Munchmuseet 23. februar 1988. Måleriet kom til rette seinare same år, da Pål Enger melde seg til politiet.

Odd Mathiesrud med maleriet "Vampyr"

KOM TIL RETTE ATT: Politiavdelingssjef ved tjuveriavsnittet Odd Mathiesrud med måleriet «Vampyr» av Edvard Munch, som vart stole frå Munch-museet i 1988.

Foto: Petrusson, Jon / SCANPIX

2. Sinnataggen

«Sinnataggen» er blant Gustav Vigelands mest kjende skulpturar. Natt til fyrste nyttårsdag 1992 forsvann «Sinnataggen» frå Vigelandsparken, og berre den eine foten stod att på sokkelen. Nokre dagar seinare vart han funne på ein parkeringsplass i Oslo.

HISTORISKEBILDER

BERRE EIN FOT: Sinnataggen sin venstre fot var det einaste som stod att da tjuvar stal med seg statuen natt til fyrste nyttårsdag 1992.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

3. Portrettstudie

I august 1993 vart Munch-måleriet «Portrettstudie av Betzy Nilsen» stole frå Nasjonalgalleriet midt i opningstida. Tjuven er dømd, men måleriet er ikkje kome til rette enno.

4. Skrik

Berre få timar før OL-opningsseremonien på Lillehammer i 1994, vart Nasjonalgalleriet sin versjon av Munchs «Skrik» stole. Tjuvane sette ein stige mot eit vindauge, knuste det og hoppa inn. I bytte mot Skrik, fekk Nasjonalgalleriet ein lapp der det stod «takk for dårlig sikring».

Mai same år vart måleriet funne. Pål Enger vart dømd for medverking og heleri, men tilstod ikkje at han stod bak tjuveriet før mange år seinare.

"Skrik" er stjålet fra Nasjonalgalleriet.

STIGE I VINDAUGET: Edvard Munch sitt måleri «Skrik» vart stole gjennom dette vindauget i Nasjonalgalleriet.

Foto: Stig B. Hansen / NTB scanpix

5. Madonna og Skrik

Ti år seinare vart ein annan «Skrik»-versjon stole frå Munchmuseet saman med måleriet «Madonna», båe av Edvard Munch. Tjuveriet skjedde 22. august 2004. To væpna menn storma museet, medan ein sat i bilen utanfor.

To år seinare kunne politiet stadfeste av måleria var funne. Ranet var truleg eit bestillingsverk frå David Toska, for å leie merksemda bort frå NOKAS-ranet. Detaljane er ikkje kjende, etter at Toska og påtalemyndigheitene gjekk inn ei avtale for å få attende måleria.

Ranet av Skrik og Madonna sommeren 2004.

SKRIK OG MADONNA: Her er dei maskerte ranarane på veg ut frå Munchmuseet med Skrik og Madonna.

Foto: Stringer / SCANPIX

6. La de små barn komme til meg

Måleriet «La de små barn komme til meg» av Lucas Cranach vart stole frå Larvik kirke natt til 8. mars 2009. Nokre dagar seinare vart det funne i ein varebil på Osebakken i Porsgrunn. Dei fire mennene som stod tiltalt for å ha stole måleriet, vart alle funne skuldige i retten i slutten av mai same år.

"LA DE SMÅ BARNA KOMME TIL MEG"

KOM HEIM TIL SLUTT: Representantar frå Norsk institutt for kulturminneforsking var til stades da politiet i Larvik overleverte måleriet «La de små barn komme til meg» til Larvik kirke. Måleriet er verdt rundt 20 millionar kroner.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix

7. Historien

12. november 2009 tok tjuvar seg inn i det private galleriet Nyborg kunst, og stal med seg Munch-litografiet «Historien». Litografiet har same motiv som eitt av måleria i Universitetets aula. Kunstverket vart funne i 2014, og Imran Saber, med kallenamnet «Onkel Skrue» vart tiltalt for heleri i 2016.

Litografiet "Historien" av Edvard Munch

HISTORIEN: Litografiet har same motiv som eitt av dei store veggmåleria i Universitetets aula.

Foto: Politiet

8. Førti kinesiske kulturminne

Vestlandske kunstindustrimuseum i Bergen fekk besøk av tjuvar 20. desember 2010, der det forsvann rundt 40 kinesiske kulturminne. Dei to største gjenstandane som vart stolne, var to vasar på rundt 40 centimeter. Gjenstandane er ikkje kome til rette.

Monter

TOMT: Tomme montrar møtte dei fyrste som kom til åstaden på Vestlandske kunstindustrimuseum

Foto: Ragnhild Osnes Olsen / NRK

9. Sju måleri

Midt på føremiddagen 20. september 2012, utløyste tjuvar alarmen i eit bustadhus på Løten. Dei spaserte inn og tok med seg sju måleri til ein verdi av over to millionar kroner. Mellom anna stal dei «Landskap» av Hans Fredrik Gude. Saka er ikkje oppklart, og dei sju måleria er framleis sakna.

Landskap av Hans F. Gude

EITT AV DEI STOLNE MÅLERIA: «Landskap» av Hans Fredrik Gude.

Foto: Politiet/privat

10. Tjuefem kinesiske kulturminne

5. januar i 2013 fekk Vestlandske kunstindustrimuseum i Bergen nok ein gong besøk av ubedne gjestar. Også denne gongen var det antikk-kunst av kinesisk art som vart stole. 25 gjenstandar forsvann, og har framleis ikkje kome attende. Tre menn vart sikta kort tid etterpå.

11. 400 arkeologiske gjenstandar

Verdifulle kulturskattar på Historisk museum i Bergen skulle flyttast til nytt magasin da tjuvar slo til. Dei fekk med seg over 400 arkeologiske gjenstandar laurdag 12. august i år. Dette er det mest omfattande tjuveriet i norsk museumshistorie, meiner museumsdirektør Henrik von Achen.

Åpne skap i Historisk Museum

TOMME SKAP: Skapa stod opne på Historisk museum i Bergen etter innbrotet 12. august.

Foto: Kari K. Årrestad / Universitetsmuseet