- Naustet er så falleferdig at det er ubrukeleg.
Det seier Bjørn Giske som er hovudpersonen i striden om eit naust i Giske kommune. Naustet ligg i ei naustrekke i strandkanten ved Giske kyrkje, eit område med stor kulturminne-verdi.
Kulturministeren Trond Giske sin far vil rive kulturminne. Foto: Scanpix
Men, Bjørn Giske, som altså er far til kulturminister Trond Giske, meiner ikkje det gamle naustet er eit kulturminne det er verdt å verne.
Tilpasse
Det er viktigare å tilpasse det dagens maritime miljø på Giske, meiner han.
- Dersom eg ikkje får rive naustet, kjem det til å forfalle endå meir. Dermed vert det eit museum som ingen brukar og ingen tek ansvaret for.
Dette er fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal sterkt ueinig i. Dei vann første runde i saka, men etter at Giske anka rivingsforbodet skal saka på nytt opp i Giske kommune i dag.
Ikkje bra
Og innstillinga frå teknisk komite er å tillate riving. - Ikkje bra, seier Toril Moltubakk i fylkeskonservatoren.
- Vi kan ikkje utan vidare godta argumentet. Dersom vi tillet nybygg vil dette øydeleggje det verneverdig området, seier ho.
Presedens
Moltubakk er redd for at å tillate å rive naustet kjem til å skape presedens slik at fleire kulturminner av denne typen blir rivne.
Og dersom Giske no får grønt lys til å rive det verneverdige naustet, vil dei vurdere å anke til Miljøverndepartementet, som er øvste ansvarlege instans.