Hopp til innhold

Kronprinsessa: – Munch og Knausgård lærer oss å sjå ting på nye måtar

DÜSSELDORF (NRK): Kronprinsesse Mette-Marit ser klare likskapar mellom Edvard Munch og Karl Ove Knausgård. Torsdag opna dei saman ei Munch-utstilling i forbindelse med ein norsk kulturoffensiv i Tyskland

Kronprinsparet og Karl Ove Knausgård i Düsseldorf

Torsdag opna kronprinsparet ei Munch-utstilling i Düsseldorf. Utstillinga er sett saman av forfattaren Karl Ove Knausgård (midten), og markerer starten på ei norsk kultursatsing i Tyskland dei neste dagane. I neste veke er startar bokmessa i Frankfurt, der Noreg er hovudland i år.

Foto: Kristi Marie Skrede / NRK

Litteratur er ein av dei store lidenskapane til kronprinsesse Mette-Marit. Når Noreg er hovudland under bokmessa i Frankfurt, er det difor naturleg at kronprinsparet er med for å fremje norsk kultur

Som ei oppvarming til bokmessa, opna kronprinsessa torsdag ei Munch-utstilling i Düsseldorf. Utstillinga er den same som Karl Ove Knausgård kuraterte for Munch-museet i 2017.

Kronprinsesse Mette-Marit fortalde NRK under opninga at ho ser klare likskapar mellom måten Munch malar på og korleis Knausgård skriv.

– Dei lærer oss å sjå ting på ein annan måte. Eg kjenner at eg alltid lærer noko nytt både i møte med Munchs bilde og tekstane til Knausgård.

Favoritt

Knausgård er ein forfattar som har betydd mykje for kronprinsessa. Og det er særleg det første bindet av Knausgårds «Min kamp» som har treft kronprinsessa i hjartet.

I forbindelse med oppstarten av litteraturtoget i 2014, fortalde kronprinsessa korleis ho kjente seg igjen i Knausgårds skildringar av ein alkoholisert far i det første bindet av «Min kamp».

– For meg har noko av det vanskelegaste temaet i livet mitt vore forholdet til faren min og forholdet mitt til døden. Den siste setninga av «Min kamp», første bind, siterer eg ofte inne i meg, i periodar dagleg, sa ho.

Det første møtet med tekstane var sterkt, fortalde ho

– Då eg las Karl Ove Knausgård første gong, var det som om noko inni meg gjekk i sund, og det opna seg eit stor hol i brystet mitt.

Meiner kronprinsessa var modig

Karl Ove Knausgård set pris på rosen han får frå kronprinsessa. Han meiner det må ha kosta henne mykje å opne opp om noko så vanskeleg og privat som ho gjorde den gongen.

– Det var modig av henne å seie det ho sa i den posisjonen ho er i. Ho fortalde om veldig vanskelege og private ting. Men det at nokon, uansett kven det er, får den reaksjonen på noko eg har jobba med, er meir enn eg kan håpe på, seier han til NRK.

kronprinsparet og Karl Ove Knausgård

Kronprinsparet var også til stades og opna då Knausgårds Munch-utstilling blei vist i Oslo i 2017

Foto: Terje Bendiksby

Men samanlikninga med Munch synest han kanskje blir litt for mykje av det gode.

– Det er ubehageleg og flautt å bli samanlikna med han. Munch er ein av dei verkeleg store kunstnarane. Eg når han knapt til leggen. Men det er hyggeleg at det blir sagt i ein festtale.

No gler han seg til å vere med å vise fram norsk kunst og kultur i Tyskland. Først gjennom Munch-utstillinga i Düsseldorf, før turen går vidare til Frankfurt i neste veke der han skal halde opningstalen.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.