NRK Meny
Normal

Kritiserer universitet for overdriven engelskbruk

Språkrådet har gjort ein gjennomgang der det kjem fram at nokre fag ved norske universitet og høgskular har heile pensum på engelsk. Dei er bekymra for utviklinga.

Samordna opptak 2017.

BLINDERN CAMPUS: Norske universitet kallar som regel områda sine for «campus», eit ord vi har fått frå latin via engelsk.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Vi er særleg bekymra for nye studentar som møter nesten heile pensumet på engelsk. Vi er usikre på læringsutbyttet, det er ikkje sikkert alle er gode nok i engelsk.

Det seier seniorrådgjevar i Språkrådet, Ole Våge. Han er uro både for studia, og for livet etter studia.

Ole Kristian Våge

BEKYMRA: Ole Våge i Språkrådet meiner at studentar må bli førebudde på eit norsk arbeidsliv med norsk fagspråk.

Foto: Språkrådet

– Det er veldig problematisk å berre bruke engelsk på studia. Dei aller fleste kjem til å jobbe i norsk arbeidsliv etterpå, og da treng dei å bruke norsk fagspråk.

– Men er det ikkje bra at studentane òg får engelskspråkleg pensum?

– Jo, absolutt, dei er heilt naturleg at ein brukar både norsk og engelsk. Men vi ser at i nokre fag brukar ein berre engelsk litteratur.

Følgjer nøye med på balansen

Mats Johansen Beldo, leder Norsk studentorganisasjon

IKKJE BEKYMRA: Leiar i Studentorganisasjonen, Mats Johansen Beldo, synest dei engelske bøkene gjev det faglege utbyttet studentane treng.

Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

Studentane sjølve er ikkje like kritiske som Språkrådet. Mats Johansen Beldo i Norsk studentorganisasjon synest ikkje at det blir for mykje engelsk på norske universitet og høgskular.

– Nei, vi studentar synest ikkje det er eit problem. Dei engelskspråklege bøkene er gode og dei gjev det faglege utbyttet ein skal ha.

Gro Bjørnerud Mo

HELLER IKKJE BEKYMRA: Prorektor Gro Bjørnerud Mo ved UiO seier at norsk er hovudspråket i undervisninga.

Foto: UIO

Prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo seier at norsk er hovudspråket i undervisninga deira, og at det vil variere frå eitt studium til eit anna kor mykje innslag av engelsk det er.

– Vi følgjer nøye med på språkpolitikken, og på balansen mellom engelsk og andre språk i studietilbodet vårt.

– Deler de ikkje bekymringa til Språkrådet?

– Eg vil bli uroa fyrst når vi ser ei massiv forskyving i store delar av tilbodet.

Tek ansvar for språket

Viserektor Oddrun Samdal ved UiB

IKKJE BEKYMRA: Viserektor ved UiB, Oddrun Samdal, er oppteken av å utvikle og ta vare på det norske fagspråket.

Foto: Johanna Magdalena Husebye / NRK

Viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen, Oddrun Samdal, kjenner seg heller ikkje att i uroa til Språkrådet. Ho ser at det kan vera ei utfordring, men seier at dei jobbar for å ha eit aktivt og medvite forhold til språket.

– Som institusjon er vi opptekne av å utvikle og ta vare på det norske fagspråket. Vi er bevisste på dette, og har hatt fleire utgreiingar om korleis vi skal ta vare på det.