Hopp til innhold

Kritikken haglar mot Bakke

Kritikken haglar mot styreleiar i NRK Hallvard Bakke etter at det herskar full forvirring om omlegginga av lisensinnkrevjinga.

Hallvard Bakke
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Fleire meiner Bakke har drive eit uryddig politisk spel og i går skal han ha bestemt å utsetje omlegginga gjennom ein e-post til Dagens Næringsliv.

- Under føresetnaden av at dette er rett, stadfester det det vi sit med ei kjensle av, nemleg at Bakke driv eit dobbelspel som ikkje er forankra korkje i departementet eller i eigen administrasjon, og dette er veldig uheldig, seier kulturpolitisk talsmann for Høgre, Olemic Thommesen. Han krevjer full oppvask og oppklaring i saka som har fått lisensbetalarane til å reagere.

Rekneskapsmessig omlegging

Det heile handlar om ei rekneskapsmessig omlegging av lisensinnkrevjinga, som stortinget vedtok før jul. Den nye ordninga er slik at NRK i 2007 skal inntektsføre lisenspengar for 14 månader, ei ordning styreleiar for NRK Hallvard Bakke sjølv har kjempa igjennom på tvers av leiinga. Ordninga skal hindre at NRK taper rundt 550 millionar kroner i lisenspengar.

Spørsmålet er dermed om folk må betale dobbel lisens i to månader, noko både Bakke og kulturminister Trond Giske har avvist. Både Høgre, Venstre og Frp meiner at Stortinget ikkje har fått god nok informasjon i saka. Og Høgre og Venstre vil no ta saka opp på nytt i Stortinget, gjennom eit såkalla dokument 8-forslag.

Kritisk til Bakke

- Vi har også tidlegare vore kritiske til at ein så gammaldags mediepolitikar som Hallvard Bakke er sett inn i den posisjonen. Han har ikkje akkurat styrka posisjonen sin dei siste vekene.

Det seier Trine Skei Grande, som sit i kulturkomiteen på Stortinget for Venstre. Ho rettar også eit kritisk søkelys på det nære tilhøvet mellom AP-mannen Bakke og den politiske leiinga i departementet.

- Slik det framstår i media er det ei noko underleg 50-tals politisk handsaming av saka. Med aprbeiderpartivener på Stortinget som kan fikse og trikse, får ein lett til det ein ønskjer for det aksjeselskap ein styrer.

Blandar roller

Førre styreleiar i NRK, Eldbjørg Løwer, var med på å utforme den førre lisensinnkrevjingsmodellen saman med kringkastingssjef John G. Bernander. Ho er kritisk til at Bakke her har sett NRK-administrasjonen på sidelinja i denne saka, og meiner Hallvard Bakke her blandar for mange roller:

- Vitsen med gode prinsipp for eigarstyring og selskapsleiing er å rydde i roller slik at ein får gode avgjerdsprosessar. Eg synest det fleire gonger har vore vanskeleg å oppfatte om Hallvard Bakke uttaler seg som styreleiar, for administrasjonen eller om han er politikar. Det blir veldig uryddig, i tillegg blir det vanskeleg i ettertid å plassere eit ansvar, seier Løwer.

#?-:nbsp;

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober