- TITTEL: Vigdis, del for del
- FORFATTAR: Kaja Schjerven Mollerin
- FORLAG: Gyldendal
Kaja Schjerven Mollerin har ikkje falle for freistinga ho må ha kjent på: Å sleppe forteljaren Hjorth til med dei gode historiene der ho byr på livet sitt, slik alle som har lytta til henne live eller via etermedia vil ha tydelege minne om.
I staden har denne samtaleboka blitt ei bok om forfattarskapen til Hjorth og tankane ho har gjort seg både om samfunnet, skrivinga og ja, om livet. For det heng jo saman, det gjer jo det. Og forfattarskapen heng også på mange måtar saman, noko Mollerin ser tydelegare enn Hjorth, ettersom førstnemnde har lese gjennom forfattarskapen mens Hjorth sjølv aldri les bøkene sine om att, om vi skal stole på hennar eigne ord.
Er Vigdis Hjorth til å stole på?
Det er tydeleg at Mollerin og Hjorth har respekt for kvarandre, skriv kritikar Marta Norheim.
Foto: GyldendalDebatten i kjølvatnet av romanen «
», og mot-romanen « » av søstera Helga Hjorth rota rundt i spørsmål om det sanne og det verkelege og det løgnaktige. I samtale med Mollerin reflekterer forfattaren over korleis det som i utgangspunktet kan vere eigne erfaringar blir til ein roman, og fører mange kollegaer som vitne på det. Mellom dei er Tove Ditlevsen, som på spørsmålet om romanen hennar er løgn eller sanning, svarer at det er ei blanding. Journalisten gir seg ikkje, og vil vite kor mange porsjonar løgn det er snakk om. Til det svarer Ditlevsen: «Det er ikke til å si; det går sådan opp i…en høyere enhet.»Dette svaret underminerer heile den såkalla «virkelighetsdebatten», som ser ut til å ha som premiss at det går an å spalte ut det sanne. Om det er mykje sant der, blir boka flytta frå kategorien «roman» til kategorien «virkelighetslitteratur», sjølv om det står roman på framsida og hovudpersonen heiter til dømes Bergljot.
Inga klaging, inga forsøstring
Mot slutten av boka kommenterer Vigdis romanen som kom ut i august, forfatta av søstera, som ho konsekvent kallar for Helga Hjorth. Fullt namn. Inga forsøstring. Og inga klaging, berre understreking av usemje, ei usemje som ironisk nok understrekar eit sentralt poeng i romanen «Arv og miljø», nemleg det at barn frå same familie kan oppleve barndommen svært ulikt.
Debatten kring desse søster-romanane styrer lesaren inn mot dei kapitla i «Vigdis, del for del» som dreiar seg om sanning og løgn. Men i Mollerins bok er det meir å hente. Gjennom teksten stig ein reflektert og kunnskapsrik forfattar fram, som tek Søren Kierkegaard på djupaste alvor og prøver å leve eit sant liv, med alt det inneber. Ho forklarer korleis ho systematisk undersøkjer og granskar dei vanskelege sakene i livet i bøkene sine, og avslører dermed kva det er som treff lesaren så hardt.
Ei klok og nyttig bok i rett tid
Mollerin stiller spørsmål, til tider svært direkte: «– Vigdis, er overgrepshistorien du forteller i 'Arv og miljø' sann?». Ho tillèt seg også å vere samtalepartnar og romantolkar, dessutan strør ho inn lakoniske kommentarar og gir til beste vurderingar av svara Vigdis gir. Det er tydeleg at dei to har respekt for kvarandre, men også respekt for det arbeidet dei skal gjere med boka, og som ikkje tillèt at dei er for snille med kvarandre. To ulike temperament møtest i «Vigdis, del for del» og det verkar som om dei inspirerer kvarandre gjensidig.
Dette har blitt ei klok og nyttig bok i rett tid både for romanlesarar og for andre som gjerne er med på refleksjonar kring identitet, ansvar, kunst og liv og kjærleik og alkohol, naturlegvis, og om litt av kvart anna: foreldreroller, hundehald, fengselsliv og spissborgaren i og utanfor oss alle. Og trass i at vi blir snytt for anekdotane: den som ikkje ler høgt minst tre gonger gjennom lesinga, er humørlaus.
- Les også:
Fleire meldingar frå NRK:
«Rigels øyne» av Roy Jacobsen:
«Begynnelser» av Carl Frode Tiller:
«Spionenes arv» av John le Carré: