Kristin Roskifte har skrevet Nordens beste barnebok

Det meiner juryen i Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2019. Dermed kan den norske forfattaren smykke seg med ein av Nordens gjævaste litteraturprisar.

Kristin Roskifte etter litteraturpris

VINNAR: Kristin Roskifte var særs overraska då ho blei tildelt prisen under prisutdelinga i Konserthuset i Stockholm. Det var Sveriges statsminister Stefan Løfven som ovverrekte prisen.

Foto: Johannes Jansson / Nordisk råd

Av 14 nominerte verk på åtte ulike språk var det forfattar og illustratør Kristin Roskifte frå Noreg som trakk det lengste strået med boka «Alle sammen teller».

– Denne prisen heng utruleg høgt for meg. Eg kan ikkje heilt tru det, seier Kristin Roskifte til NRK.

Vinnaren blei kunngjort på Nordisk råds prisutdeling i Konserthuset i Stockholm tysdag kveld.

– Eg er overraska over at det går an å vinne med ei teljebok, seier forfattaren.

Boka hennar er no oversett til 27 språk. Ho understreka at denne prisen er ein stor inspirasjon til å halde fram og utforske denne forma vidare. Og ho takka både ektemann og dei tre borna for inspirasjonen.

Oppteken av tal

Forfattaren fortel at ho alltid har vore oppteken av tal og menneske. Og kanskje kunne dei to interessene kombinerast? Ho fortel at ho synest det er veldig moro at det har gått så bra. Boka er gjeven ut på eit forlag som familien sjølv driv. Ho får mange reaksjonar frå barn og unge over heile verda som les boka hennar.

Ho trur at ho har treft ein interesse for mangfald.

– Sjølv om dei som tek kontakt ofte har ulike referansepunkt, opplever dei at boka angår dei, fortel ho.

Tidlegare skreiv ho ABC-bøker, men no er det berre tal som gjeld, fortel ho. Sjølv trudde ho at det ho dreiv med var veldig smalt, men no har ho erfart at mange rundt omkring i verda blir engasjert.

2768 teikningar

Boka fekk særs god omtale då den kom i 2018, blant anna her i NRK.

– «Alle sammen teller» er ei myldrebok, ei tellebok og ei bok for dei store spørsmål. For om Roskifte er illustratør, så dyktig at ho kan lage 100 ulike menneske som myldrar fram i ein skulegard, så er ho først og fremst interessert i menneske sitt indre, skreiv NRKs litteraturmeldar, Anne Cathrine Straume.

– Eg håper at denne boka kan setje i gang diskusjonar og samtalar, seier ho.

Det ho håper folk skal tenkje når dei er ferdige med boka er at alle har ei historie og at i kvart menneskemylder finst enkeltmenneske med historiar som er viktige.

LES OGSÅ: «Norsk bildebok bør ha gode vinnersjanser»

Myldrebilde av mennesker, bokforside

TELLEBOK: I «Alle saman tel» kombinerer forfattaren telje- og myldrebokformatet.

Både bildebøker, teikneseriar, romanar og diktsamlingar var nominert til prisen.

Det er sjuande gong Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris blir delt ut. Noreg har vunne prisen ein gong før i 2014 med boka «Brune» av Håkon Øvreås og Øyvind Torseter.

Kulturstrøm

  • Sondre Justad takker Teigen

    I et Instagram-innlegg med et bilde av Jahn Teigen og en 13 år gammel utgave av seg selv takker artist Sondre Justad Teigen for alt han lærte ham. – Takk for alt du lærte meg og rausheten, Jahn. Det ble starten på reisen min, og mye av det du snakket om er fortsatt med meg i dag. Enhver sang er en historie som skal fortelles. (NTB)

    Sondre Justad
    Foto: Helge Grønmo / Avisa Nordland
  • Jahn Teigen hedres med statue

    I hjembyen Tønsberg hedres Jahn Teigen med en statue. Artisten døde i går kveld på Ystad sykehus i Skpne hvor han har bodd de siste årene.