Hopp til innhold

Kripos vil ha bort russeknute

Russen i Oslo har fjerna regelen om at omtale i media gir knute i russelua. No håper Kripos at russen i resten av landet skal følge etter.

Russ

Russen i Oslo endrar knutereglane etter mykje negativ merksemd rundt kontroversielle russelåter.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Dei siste åra har russelåtar med kontroversielle tekstar fått mykje merksemd. Berre i år har russen i Bergen, Askim og Tromsø fått omtale i media på grunn av songar med tekstar som blir oppfatta som oppmoding til seksuelle overgrep, valdtekt og drapstrugsmål.

Droppar regel

Fleire stader har russen ein eigen knuteregel som gir knute i russelua dersom dei får medieomtale. Men ikkje all pr er god pr. Difor har Oslo-russen droppa denne knuteregelen i år.

– Når ein buss får laga ein låt med ein kontroversiell tekst, får dei merksemd for det. Vi såg at mange gjekk ut i media berre for å seie noko. Ofte sette dette russen i eit dårleg lys. Difor fjerna vi knuten, seier president i hovudstyret til russen i Oslo og Akershus, Anneli Rystad Aune.

Ho håper dei med dette skal unngå grove og kontroversielle utsegner i media.

Håper fleire følger etter

Leiaren for valdtektsseksjonen i Kripos, Ann Kristin Grosberghaugen, er kritisk til fleire av russeknutane. I samband med 8. mars åtvara ho mot knutereglane på Instagram:

Ho meiner reglane gjer at mange russ går lengre enn dei i utgangspunktet hadde tenkt. Og i enkelte tilfelle endar det med at dei bryt lova.

– Det at russen har knutereglar som oppmodar til å få mediemerksemd, gjer at mange strekker seg langt for å få knuten. Enkelte går kanskje så langt at dei gjer noko som er ulovleg for å få den merksemda dei ønsker.

Grosberghaugen er glad for russen i Oslo no har kutta regelen om medieomtale:

– Vi synest nokre av låtane og knutane går for langt i å legitimere seksuelt aggressiv åtferd. Så det at russen i Oslo no tek grep, ser vi på som veldig positivt. No håper vi russen i resten av landet skal gjere det same.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter