Hopp til innhold

Krev at Facebook betalar skatt

I dag opna Facebook sitt første kontor i Noreg. Arbeidarpartiet forventar at mediegiganten bidreg med meir inntekter til statskassa.

Solberg opnar Facebook-kontor

KOME FOR Å BLI: Statsminister Erna Solberg heldt tale under opninga av det nye kontoret til Facebook i Norge. Der sa ho mellom anna at Facebook har gjort verda mindre, og at det er kome for å bli.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det er ei utfordring at Facebook ikkje betalar skatt i dei landa dei tenar pengar, seier Arild Grande, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Arild Grande

BØR BETALE: Arild Grande frå Arbeidarpartiet meiner det er problematisk at Facebook ikkje betalar skatt.

Foto: NRK

Facebook blir ein stadig større aktør på den norske mediemarknaden. Grande synest det er spennande at dei no opnar kontor i Noreg, men understrekar at Facebook òg er med på å utkonkurrere fleire norske aktørar.

– Når Facebook tar ein så stor del av kaka, så er det viktig at dei er med på å bidra til fellesskapet, seier Grande.

Bør betale skatt

Statsminister Erna Solberg var sjølv til stades under opninga av det nye kontoret til Facebook i Oslo. Grande meiner at når statsministeren vel å bruke tid på dette, bør ho òg ta opp utfordringane med selskapet.

– Det er viktig at selskap som Facebook og Google betalar skatt og bidrar til finansiering av dei offentlege velferdsgoda, svarar Solberg.

Ho understrekar at dette ikkje er noko Noreg kan gjere på eiga hand.

– Det er noko av det eg håpar vi kan få endå meir trykk på, men då må vi ha eit større felles samarbeid internasjonalt, seier Solberg.

Facebook har fått mykje kritikk for å dirigere annonseinntektene sine gjennom verksemda i Irland, der det er gunstige skattelover.

Ifølgje BBC har Facebook no endra skattesystemet sitt. Det betyr at dei no må betale mange millionar kroner i skatt i Storbritannia. Det er ikkje kjent om endringa får konsekvensar for selskapet i andre land.

NRK har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Facebook på dette.

– Kan bli størst i verda

Facebook har 3,2 millionar brukarar i Noreg, og i løpet av kort tid har det blitt eit av Noregs største annonsemedium.

Jarle Thalberg

STOR SUKSESS: Det er teknologien og algoritmane til Facebook som er nøkkelen til suksessen, seier mediedirektør i GroupM, Jarle Thalberg.

Foto: Carat

– Med den farta dei har i dag er det ikkje lenge før dei kanskje kan gå forbi Google, og bli den aller største i verda, seier Jarle Thalberg, mediedirektør i GroupM.

Mange norske aktørar no opplever tøff konkurranse, og Thalberg forklarar at mykje av suksessen til Facebook kjem frå den overlegne teknologien.

– Dei veit så mykje om brukarane sine og kan derfor drive målretta annonsering, noko som er vanskeleg for andre norsk annonsørar å konkurrere med, seier Thalberg.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland har allereie varsla kamp mot IT- gigantane som Google og Facebook. Ho fryktar inntektssvikta vil råke mediemangfaldet i Noreg, og vil bruke formannskapet i Nordisk Ministerråd til å løfte mediepolitikken og sjå på utfordringane.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)