Det skapte kraftige reaksjonar då austerrikske Peter Handke fekk den internasjonale Ibsenprisen i 2014. Forfattaren blei møtt av demonstrantar og hissige tilrop utanfor Nationaltheatret då han skulle ta imot prisen.
Torsdag kunngjorde Svenska Akademien at den kontroversielle forfattaren var tildelt nobelprisen i litteratur. Då blussa debatten om ein kan skilje mellom kunst og politikk på nytt opp.
Forfattar og seniorrådgjevar i menneskerettsorganisasjonen Den Norske Helsingforskomité, Aage Borchgrevink, seier han er sjokkert.
– Dette skulle vere året der Svenska Akademien skulle vise at dei har lært av to år med skandalar, og så kjem dei med ein pris som demonstrerer ekstremt dårleg politisk gangsyn og ein total mangel på empati for ofra etter krigsbrotsverk, seier han til NRK.
Han meiner avgjerda grensar til å vere ein søknad frå komiteen om å legge ned seg sjølve.
Kontroversiell
Grunnen til dei sterke reaksjonane mot Peter Handke handlar om rolla han tok under konfliktane på Balkan.
– Han har blant anna nekta for at det har skjedd massakrar og folkemord i Bosnia, og han har støtta krigsforbrytarar.
Dette gjer at Borchgrevink meiner Handke ikkje fortener litteraturprisen, trass i at han er ein glimrande forfattar og dramatikar.
– Det er ikkje mogleg å skilje litteratur og politikk, slik det ser ut som om Svenska Akademien prøver å gjere ved å hopp bukk over alt det vanskelege rundt forfattaren.
- Les:
- Les:
Borchgrevink får støtte frå presidenten i Bosnisk kulturforening Preporod, Tarik Cicic, som seier han blei sjokkert då han fekk høyre kven som hadde fått Nobelprisen i litteratur.
– Eg hadde aldri trudd at ein så kontroversiell person kunne få den høgthengande prisen. Med den historia han har, og dei fiendtlege haldningane han har vist overfor folk frå Bosnia, burde komiteen tenkt på dei politiske reaksjonane denne avgjerda får.
– Eit modig val
Sjølv er Peter Handke både glad og rørt over å ha fått Nobels litteraturpris. Då han møtte pressa utanfor heimen sin i Paris, sa han at han aldri hadde trudd han skulle få prisen på grunn av alle kontroversane rundt han.
– Då eg skreiv om borgarkrigen i Jugoslavia, blei det mykje bråk. Difor meiner eg Svenska Akademien har gjort eit modig val. Dei er gode folk.
Nobelprisvinnaren Peter Handke møtte pressa utanfor heimen sin utanfor Paris torsdag. Han meiner det var ei modig handling å gi han litteraturprisen etter all kritikken han har fått for engasjementet sitt på Balkan.
Foto: ALAIN JOCARD / AFPHandke seier han kjem til å reise til Stockholm for å ta imot prisen i desember. Men sjølv om han skal få ein pris, kjenner han seg ikkje som ein vinnar.
– Dei har valt å gi ein pris til arbeidet mitt, men eg er ingen vinnar. Dei seier alltid at nokon vinn nobelprisen, men det er eit uttrykk eg ikkje likar.
Handke vedgår at 20 år med kritikk har gått inn på han. Difor var det ekstra godt å få den høgthengande litteraturprisen.
– Eg kjenner meg fri. Som forfattar har eg kjent meg som ein skuldig person, men etter denne avgjerda kjenner eg på ei merkeleg form for fridom. Men i kveld kan det hende eg kjenner meg skuldig igjen.
Glad forleggar
Fleire av bøkene til Handke er komne på norsk. I Noreg kjem han ut på Pelikanen forlag. Forleggar Karl Ove Knausgård seier han blei både glad og overraska då han fekk høyre om tildelinga.
– Peter Handke er ein av dei store samtidsforfattarane, om ikkje den største. Han har gjeve ut meisterverk sidan 60-talet, og han har alltid følgd sin eigen kurs.
Karl Ove Knausgårds Pelikanen forlag er det norske forlaget til Peter Handke. Knausgård omtalar litteraturen til Handke som kompromisslaus, eigenrådig og ukorrupt.
Foto: Thomas WågströmSamlaget har også gjeve ut to av skodespela til Handke, «Stendig storm» og «Dei vakre dagane i Aranjuez». Dei er omsette av Jon Fosse, som sjølv har vore på favorittlistene til nobelprisen i fleire år.
Fosse seier han er glad for at forfattarkollegaen har fått den gjæve prisen.
– Han har vore min favoritt i mange år, og det er ikkje utan grunn at eg i seinare år har omsett to stykke av han, skriv Fosse i ei melding til NRK.