Det var ein debattdeltakar som kom med dei sjikanøse utsegnene under opptak av programmet Trygdekontoret. Utsegnene vart redigerte ut av sjølve fjernsynsprogrammet, men vart ved ein feil likevel lagt ut på Youtube på Internett.
Klippet vart seinare trekt tilbake fordi debattdeltakaren fekk fleire drapstruslar etter programmet. Kritikken mot NRK kom fram då Kringkastingsrådet i dag diskuterte NRK si rolle i sosiale medium.
Redaksjonell vurdering
I kringkastingsrådet sitt vedtak heiter det blant anna at publisering som blir gjort av NRKs medarbeidarar i ulike sosiale medium, må stette dei same redaksjonelle krava som materiale som blir publisert i NRKs eigne kanalar.
Rådet legg også vekt på at debattdeltakaren sine fråsegner om jødar ikkje vart imøtegåtte eller prøvd balanserte ut i stor nok grad i klippet som vart lagt ut på Youtube. Ytringane burde derfor ikkje ha vore publiserte, heiter det i vedtaket frå Kringkastingsrådet.
Leiinga i NRK informerte Kringkastingsrådet om at det er dei same programetiske retningslinene som gjeld for publisering på sosiale medium som i dei tradisjonelle programma, men at det denne gongen hadde skjedd ein glipp.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Honnør til Trygdekontoret
Kringkastingsrådet gav også honnør til programmet Trygdekontoret som eit spennande og nyskapande program innanfor debattsjangeren.
Kringkastingsrådet sa i dag seg også nøgd med måten leiinga i NRK har takla stormen etter at ein medarbeidar i NRK-sporten la ut ei melding på Twitter etter kampen mellom Liverpool og Manchester United i slutten av mars i år. Mange oppfatta meldinga som at ho handla om Hillsborough-tragedien for 25 år sidan, og det fekk Liverpool-tilhengjarar til å rase.
Kringkastingsrådet har teke imot 12 klagebrev om Twitter-meldinga, og leiinga i NRK gjekk tidleg ut og beklaga meldinga.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: