Kjempefin krabbefangst
8 år gamle Isak Helland-Hansen frå Øystese fekk denne fine krabbefyren på garn i Olden, innerst i Nordfjord, i fjor sommar. Garnet han brukte var eit trollgarn med både store og små masker. Det kan vere skikkeleg vanskeleg å få krabbane ut av maskene, fortel Isak. I dei siste åra har dei fått mindre og mindre fisk i garnet, men i staden fått mange store krabbar på fiskeplassen i Olden.
Har DU vore på fisketur?
Er det fleire av sjåarane våre som har vore på fisketur og fått ein fin fangst? Send biletet og historia til Newton!