Hopp til innhold

- No torer eg å køyre bil!

Tusenvis av nordmenn får kvardagen øydelagt av panikkanfall.

No testar Helse Vest ut eit nytt hjelpeprogram på internett, og resultata er lovande.

Fleire av forsøkspersonane seier dei har fått eit betre liv.

Frykt, angst
Foto: Sinar 2

- Eg forstår angsten no, den er blitt ufarleggjort.

- Eg har lært meg å puste med magen! Eg køyrer bil!

10 veker mot panikk

Kommentarane frå testpersonane talar sitt eige språk, deltakarane som gjennomførte 10-vekerskurset har klart å ta tak i problema sine.

Tine Nordgreen og Beate Standal

Tine Nordgreen og Beate Standal ved Universitetet i Bergen studerer sjølvhjelpsprogrammet.

Foto: NRK, Gøril Grov Sørdal

Sjølv om dei ikkje blir kurerte for panikklidingane, og sjølv om ei side på ein dataskjerm ikkje kan erstatte det personlege møtet med ein fagperson, meiner testpersonane å ha fått hjelp.

Angst for angsten

- Dei som kjem til oss med panikklidingar forklarar at eit panikkangst-anfall kan komme som lyn frå klar himmel. Det seier stipendiat Tine Nordgreen ved Universitetet i Bergen. Ho tek doktorgraden på sjølvhjelpsprogrammet, som kan bli landsdekkande om effekten viser seg å vere bra.

- Målet er at pasientane skal kjenne igjen sine eigne reaksjonar, forstå kva som skjer og manipulere sine eigne tankar. Slik kan ein unngå å bli redd, ein skjønar at hjertebanken ikkje er eit hjerteinfarkt.

Tusenvis får panikkanfall

Tine Nordgreen og Beate Standal

Stipendiat Tine Nordgreen t.v. og hovudfagsstudent Beate Standal ved psykologisk fakultet, UiB.

Foto: NRK, Gøril Grov Sørdal

To til fire prosent av alle vaksne nordmenn har panikklidelsar, og når anfallet kjem, med pustebesvær, hjertebank og dødsangst hjelper det ofte lite å vite at ein har ein lidelse. Kroppen overstyrer tankane.

- Nokon som ikkje har våga å gå ut av huset fortel at no torer dei å gå på fest. Folk blir mindre redde for å få eit panikkanfall etter å ha fulgt programmet. Det seier hovudfagsstudent i psykologi, Beate Standal, som har intervjua testpersonane etter det fyrste pilotprosjektet.

Tusenvis av nordmenn har panikklidingar, kan eit nettprogram hjelpe?

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober