Hopp til innhold

Korona har dytta «All I want for Christmas» øvst på strøymelistene, ein månad før jul

Ikkje berre i Norge, men i heile verda. I år starta vi med julemusikk tidlegare enn vi pleier, viser tal frå Spotify. Korona har skylda, meiner ekspertar.

Mariah Carey

Mariah Carey sin 26 år gamle julehit troner øvst på strøymelistene ein månad før jul.

Foto: Coverfoto

CO₂ i atmosfæren
421 ppm
1,5-gradersmålet
+1.01°C
Les mer  om klima

Norske ekspertar på musikk trur dette har samanheng med at vi treng julemusikk meir nå som vi ikkje kan vere så mykje saman som vi hadde ønskja.

Gro Trondalen

Professor Gro Trondalen ved Norges musikkhøgskole meiner julemusikk gjer håp.

Foto: Norges musikkhøgskole

Gro Trondalen, professor i musikkterapi ved Norges musikkhøgskole i Oslo, har observert at e-posten blir fylt opp av juletilbod, lampebutikkar har hatt julestjerner i vindauga lenge alt, og med julestjernene kjem julemusikken.

– På grunn av koronasituasjonen og auka sjanse for smitte, så oppfordrar all verdas media og handelsstanden oss til å setje jul på agendaen tidlegare i år enn nokon andre år, seier Trondalen

«Himmel på jord, en glede så stor, eg e'skje alene her eg bor», syng Kurt Nilsen.

Trondalen meiner òg at musikk er tett knytt til håp nå i koronasituasjonen.

– Julemusikk får oss til å føle fellesskap

– Tekstane i julesongar kan gje meining og håp i ein situasjon, som for mange er usikker og til tider uhandterleg. Mange snakkar om at både tekstane og melodiane gjer nytt pågangsmot og håp om at dette kjem til å gå bra, seier Trondalen.

Are Brean, Tidsskriftet for Den norske legeforening, sjefredaktør

Nevrolog Are Brean meiner julemusikk knyter oss saman.

Foto: Aud Kvalbein / Hjernerådet

 Are Brean er nevrolog og førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole, og meiner at julemusikk i stor grad får oss til å føle eit fellesskap, som er spesielt viktig nå som vi ikkje kan vere saman fysisk slik vi pleier.

– Musikken er emosjonens språk og musikk har ein særeigen evne til å sette menneske i same tilstand når ein høyrer på den. Julemusikk sett oss i ein sinnstilstand som mange forbind er med noko positivt. Alt det vi saknar i den triste einsame perioden vi er inne i.    

Algoritmar forsterkar julemusikktrenden 

Men det er ikkje berre behovet for kos som gjer at julemusikken kjem tidlegare i år. Algoritmane i strøymetenestene speler også ei viktig rolle.

Arnt Maasø, førsteamanuensis i medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, har forska på musikkstrøyming i ca. 10 år.

Arnt Maasø

Arnt Maasø ved UiO meiner algoritmar har mykje av skylda for at vi høyrer på julemusikk tidlegare.

Foto: UiO

Han meiner algoritmar i strøymetenester forsterkar trendar.

– Algoritmar i musikkstrøymetenester fangar opp signal om kva andre lyttar på samtidig. Dei fangar opp signal frå sosiale medium og vanlege medium som radio. Så forsterkar dei trenden ved å anbefale den vidare til andre.

– Når nokon begynner å høyre på julemusikk, så spreier det seg fort til andre. Algoritmar har ei sjølvforsterkande rolle, den spreier seg frå år til år, seier Maasø.

Kulturstrøm

  • Kirken: En grusom hendelse midt i Pride-feiringen

    Kirken slår ring om Pride-feiringen, kjærlighet og mangfold etter masseskytingen i Oslo sentrum.

    – Vi våkner til skrekk-meldingen om skudd, drepte og sårede på London pub. Dette burde vært utenkelig. Det er det ikke, skriver kirkerådsleder Kristin Gunleiksrud Raaum på Facebook.

    Raaum beskriver angrepet som en sterk kontrast til feiringen av kjærlighet og mangfold, som hun deltok i fredag.

    Preses i Den norske kirke Olav Fykse Tveit skriver at han tenker og ber for alle som er rammet.

    – Grusomme hendelser med skyting, drap og alvorlige skader i Oslo sentrum i natt, midt i Pride-feiringen der mange er ute for å feire livet og kjærligheten, skriver han.

    (NTB)

  • Bent Høie: – Flagget kan vi heise i solidaritet med de som er rammet direkte

    – I dag kan ikke paraden gjennomføres for å feire og kjempe. Det er ikke trygt i følge politiet. Flagget kan vi heise i solidaritet med de som er rammet direkte og for å vise at kjærligheten alltid vil vinne, skriver Bent Høie på Facebook.

  • Ny mentor i «The Voice»

    Artisten Jarle Bernhoft tar over som mentor i den kommende sesongen av «The Voice», melder TV2.

    Mandag denne uken ble det kjent at den folkekjære artisten og mentoren Matoma, er ferdig i The Voice.

    Hans arvtager Jarle Bernhoft sier han gleder seg til den nye jobben. – Jeg klarer nok ikke å fylle tårekvoten hans, men jeg må finne mine egne sko, sier Bernhoft.

Flere kulturnyheter