NRK Meny
Normal

Svartmetallisk konsert på NRK

KORK fekk kritikk for å samarbeide med black metal-bandet Dimmu Borgir. I kveld blir konserten sendt på NRK.

– Vi har aldri tent på kyrkjer eller vore forkjemparar for det, hevdar bandet.

Video Dimmu Borgir og KORK

SJÅ VIDEO: -Vi har ikkje tent på kyrkjer, hevdar Dimmu Borgir i dette klippet. Sjå også utdrag frå konserten med Dimmu Borgir og KORK i Oslo Spektrum.

Kringkastingsorkesteret (KORK) er kjent for å samarbeide med utøvarar frå ulike musikksjangrar. I mai stod dei for ei konsertoppleving i det mørke landskapet, nærmare bestemt black metal. Saman med Dimmu Borgir og Schola Cantorum Choir spelte dei for fans frå heile verda i Oslo Spektrum.

Les: Dimmu Borgir for fullt orkester

I samband med dette fekk NRK kritikk frå KrF-politikarar og kristne for å samarbeide med eit band som står bak låtar som «Antikrist».

– Vi i Dimmu Borgir har aldri tent på kyrkjer eller vore forkjemparar for det i det heile tatt, seier Tom Rune Andersen Orre, aka «Galder», til NRK.

Også vokalist Stian «Shagrath» Tomt Thoresen understrekar at dette ikkje er noko dei er opptatt av.

– Det var mykje styr tidleg på 90-talet om kriminelle aspekt rundt black metal. Vi har aldri vore spesielt opptatt av dei tinga. Vi uttrykkjer ei kjensle gjennom musikken vår og det er vårt verktøy, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dimmu Borgir og Kork i Oslo Spektrum

Ørepropper på konsert er noe av det du kan gjøre for å beskytte ørene dine mot nedsatt hørsel.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

– Handlar om kunst

KORK var også med på det niande albumet til Dimmu Borgir, «Abrahadabra». Dirigent i KORK, Rune Halvorsen, ser heller ikkje nokon samanheng mellom den mørke musikken til Dimmu Borgir og påtenning av kyrkjer.

– Dimmu Borgir sin musikk leier ikkje mine tankar fram til å tenne på Vålerenga kyrkje, for å seie det slik, seier han.

I konsertopptaket som går på NRK1 i kveld får ein sjå korleis over 100 musikarar førebudde seg til konserten.

– Black metal for meg er atmosfære og ei kjensle ein eigentleg ikkje kan eller skal sette ord på. Det er kunst det handlar om, seier gitarist Sven Atle «Silenoz» Kopperud.

Sjå video:

Video Stian «Shagrath» Tomt Thoresen om samarbeidet med KORK

Stian «Shagrath» Tomt Thoresen om samarbeidet med KORK. Reporter: Dario Kverme Birhane.

Ideen til den spesielle konserten kom frå Olav Viksmo Slettan, kjent frå mellom anna Reiseradioen og Melodi Grand Prix, under ei treningsøkt på Marienlyst. Han er fan av Dimmu Borgir og metalsjangeren generelt.

– Det var tubaisten i KORK, Thomas Røysland, og meg som hadde den same ideen samtidig. Vi møttest på trimrommet her på Marienlyst, svettande over nokre vekter. Så fann vi ut at dette må vi berre få til, har Viksmo Slettan fortalt.

Les: Historisk metalkonsert

NRK1 sender konserten laurdag klokka 23.20.

Sjå reportasje frå Dagsrevyen:

Video Dimmu Borgir spiller med Kringkastingsorkesteret

SJÅ VIDEO: Dimmu Borgir spelar med Kringkastingsorkesteret. Frå Dagsrevyen, reporter Dario Kverme Birhane.