KORK fekk Telenors kulturpris

Kringkastingsorkestret heldt mandag kveld festkonsert for vinnaren av Telenors internasjonale kulturpris 2011 – utan å vite at det var dei som skulle få prisen.

Kringkastingsorkesteret

Kringkastingsorkestret med solistane Yi Yang og Atle Sponberg i spissen – henta frå orkesterets eigne rekkjer.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Måndag kveld skulle vere «ein vanleg dag på jobben» for Kringkastingsorkestret. Allereie rundt årsskiftet vart det inngått avtale om at KORK skulle spele under festførestellinga i Nationaltheatret der Telenor deler ut sin årlege kulturpris på 250.000 kroner, med tittelen «Grenseløs kommunikasjon».

Først i mai sette juryen som skulle tildele prisen seg ned for å ta si avgjerd for 2011. Valet fall på ... Kringkastingsorkestret. Det låg an til ein spesiell kveld for dei drygt 50 orkestermusikarane.

– Forferdeleg å ikkje kunne fortelje det

Rolf Lennart Stensø

Rolf Lennart Stensø med prisen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

KORK sin orkestersjef Rolf Lennart Stensø tok imot prisen på vegne av orkesteret.

– Det betyr svært mykje for eit orkester å få ein internasjonal pris og ei slik anerkjenning for det arbeidet vi gjer, sa Stensø etter å ha teke imot prisen.

Stensø fekk som den einaste i KORK vite om pristildelinga allereie før sommaren. Det har ikkje vore lett for han å halde på løyndomen:

– Det har vore heilt forferdeleg å ikkje kunne fortelje det. Eg er ein open person som gjerne seier ting direkte. Så no er eg veldig letta!

Orkestersjefen sette særskilt pris på at orkesterets tilpassingsevne har vorte lagt merke til av juryen:

– Det at vi kan halde eit høgt nivå innan fleire sjangrar, gler meg stort. At det no vert gjort synleg, er ekstra stas.

Kringkastingsorkestret

Kringkastingsorkestret tek imot applausen etter å ha vorte tildelt prisen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Har gjenoppstått i eit internasjonalt format

Prisen vart delt ut av Berit Svendsen, sjefen for Telenor Norge. Konsernsjef Jon Fredrik Baksaas var utanlands denne kvelden, men i ei pressemelding legg han vekt på orkesteret si evne til å omstille seg:

«Vi gratulerer Kringkastingsorkestret med Telenors internasjonale kulturpris for 2011. KORK er en kulturell institusjon som har vist en utrolig evne til å gjennomføre en vesentlig retningsendring da det var nødvendig. Gjennom denne reisen har Kringkastingsorkesteret gjenoppstått i et internasjonalt format », kommenterer Baksaas.

Juryleiar Kjersti Alveberg la vekt på nettverksbygging og sjangerbreidd i si grunngjeving:

«KORK har ikke bare vært en kulturinstitusjon i Norge siden de ble etablert i 1946, men har de senere år også etablert seg som en internasjonal anerkjent aktør med et nettverk som resulterer i samarbeid med solister av verdensklasse. Kringkastingsorkestret spiller i dag en stadig viktigere rolle som symfonikere innen verdensmusikken. Årets prisvinner er et unikt ensemble, hvor medlemmene er kunstnerisk nyskapende og svært dyktige til i å produsere og framføre musikk på tvers av stiler, sjangere og kunstuttrykk.»

Breitt samansett jury

Telenor delte ut kulturprisen for første gong i 1995, og den aller første prisen gjekk til skodespelaren Svein Tindberg. Seinare prisvinnarar er mellom andre forfattaren Ingvar Ambjørnsen (2001), dansaren Ingrid Lorentzen (2004), Liv Ullmann (2009) og sist multikunstnaren Olafur Eliasson (2010).

Juryen for 2011-prisen bestod av koreografen Kjersti Alveberg (juryleiar), historikaren og dramatikaren Robert Marc Friedman, forfattaren Lars Saabye Christensen, skodespelaren Thorbjørn Harr, regissøren og produsenten Shanti Brahmachari, musikaren og komponisten Ingrid Kindem og Telenors representant Kai Rosenberg.

Kulturstrøm

  • Madrugada til Moldejazz

    Madrugada, Luke Elliot og Gåte skal spele på neste års Moldejazz. Konsertane blir på Romsdalsmuseet torsdag 18. juli. Det blei klart på ei pressekonferanse i regi av Moldejazz i dag.

    Moldejazz, Hans-Olav Solli
    Foto: Gunnar Sandvik / NRK
  • Kan få Ungdommens kritikerpris 2019

    Forfatteren Marit Eikemo er blant de åtte nominerte til Ungdommens kritikerpris 2019. Juryen har lest og vurdert rundt 250 skjønnlitterære voksenbøker. Nå skal sju juryklasser i videregående skole lese og diskutere seg fram til en vinner, som kåres på Sentralen i Oslo 14. mars neste år, skriver Foreningen !les i en pressemelding. De nominerte romanene er «Så mye hadde jeg» av Trude Marstein, «Mørket er et mirakel» av Sonja Nyegaard, «Menn i min situasjon» av Per Petterson, «Barnet» av Kjersti Skomsvold, «Bernhard banker på» av Ellen Mari Thelle, «Preses maskin» av Gunnhild Øyehaug, «Ordføreren i Oslo» av Stig Askvik og «Gratis og uforpliktande verdivurdering» av Marit Eikemo.

    Marit Eikemo
    Foto: Javier Ernesto Auris / NRK