NRK Meny
Normal

Kontrakten for nytt regjeringskvartal underskriven

Statsbygg og Team Urbis skreiv onsdag under kontrakten for det nye regjeringskvartalet. No startar arbeidet med å lage dei endelege teikningane.

I dag underteikna Statsbygg og Team Urbis kontrakten for eitt av dei største byggeprosjekta i norsk historie. Det er uvisst kor mykje det nye regjeringskvartalet kjem til å koste, men berre dei materielle øydeleggingane etter 22. juli-terroren, har så langt kosta meir enn det kosta å bygge operaen i Bjørvika.

Administrerande direktør i Statsbygg, Harald Nikolaisen, er difor glad for at dei no har underskrive kontrakten med Team Urbis, som teikna vinnarutkastet «Adapt».

– Det er alltid hyggeleg å skrive under kontraktar. Og spesielt hyggeleg sidan det gjeld det nye regjeringskvartalet. Dette gjer at vi no kan ta til på den neste fasen, seier han til NRK.

Kjenner på ansvaret

Teamleiar Gudmund Stokke for Team Urbis seier dei har vore utolmodige etter å få kome i gang med arbeidet med å lage dei endelege teikningane til nytt regjeringskvartal. Samtidig er dette ei oppgåve dei går til med ærefrykt.

– Det er ei krevjande oppgåve vi no gir oss i kast med. Det er eit alvorleg bakteppe som ligg til grunn for at vi har fått dette oppdraget, og det gjer at vi går til verket med ei stor ansvarskjensle.

Statsbygg og Team Urbis underskriver kontrakt Nye Regjeringskvartalet

Administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg (t.v.) og teamleiar Gudmund Stokke i Team Urbis var glade for å kunne underskrive kontrakten for nytt regjeringskvartal i dag.

Foto: Trond Isaksen / Statsbygg

Det er knytt store forventningar til det nye regjeringskvartalet, og det er mange som har meiningar om korleis det skal sjå ut til slutt. Men Stokke håper dei skal kunne lage eit regjeringskvartal folk kan vere stolte av.

– Vi har som mål at regjeringskvartalet skal vere varig, verdig, vakkert og venleg. Klarer vi å oppnå dette, har vi lukkast.

Klager og moglege søksmål

Men vegen fram til dit dei ha kom ei dag, har ikkje vore enkel.

I september vann Team Urbis arkitektkonkurransen om utforming av det nye regjeringskvartalet med vinnarutkastet «Adapt». Men rett før klagefristen gjekk ut i oktober, kravde Team G8+ omkamp om regjeringskvartalet. Grunnen var at dei meinte dei hadde konkurrert på ulike vilkår fordi arkitektkontor som er med i Team Urbis har vore med å forme reguleringsplanen til nytt regjeringskvartal.

Fleire av laga som var med tidlegare i prosessen, støtta klaga til G8+, og vurderte også søksmål mot Statsbygg dersom det skulle vise seg at det hadde blitt gjort feil i konkurransen. Men etter at Statsbygg avviste klaga, og Kommunal- og moderniseringsdepartementet ikkje ville setje ned ein granskingskommisjon, valde G8+ tysdag å ikkje gå rettens veg for å stoppe regjeringskvartalet.

Etter planen skal Stortinget vedta byggestart og kostnadsrammer i 2019, slik at ein kan starte bygging i 2020. Så håper Statsbygg dei første departementstilsette skal kunne flytte inn i 2023, og at alt står ferdig til 2027.

Kulturstrøm

  • Dokumentar: Avijii

    Allerede som 23-åring var svenske Tim Bergling en av verdens mest kjente og populære DJ-er. Våren 2013 dro han på turné i Australia der han trakk fulle hus. Se dokumentaren her:

    Sv. dokumentar. Allerede som 23-åring var svenske Tim Bergling en av verdens mest kjente og populære DJ-er. Våren 2013 dro han på turné i Australia der han trakk fulle hus. Overskuddet gikk til et veldedig prosjekt, "House for Hunger".
  • Feirer 92 år med Shaggy og Kylie

    Britenes dronning Elizabeth markerer sin 92-årsdag med konsert i London lørdag kveld. På scenen står blant andre Sting, Tom Jones og Jamie Cullum. Også Kylie Minogue, Shaggy og Craig David skal opptre på dronningens bursdagsfest (NTB).

    Video Direkte fra parlamentet
    Foto: Nyhetsspiller