Laurdag kveld stod det att tre par som kunne vinne Kongepokalen.
Hard konkurranse
Ami Petersson og Håkon Dregelid. Foto: Kjell Kjerland
Kampen vart ståande mellom to par frå A-klassen og eitt par frå B-klassen. Frå A-klassen kom Hæge Manheim og Øystein Romtveit som dansa Vest-Telemark-springar, og Gunnlaug Lien Myhr og Geir-Helge Espeset frå Gol spel- og dansarlag som dansa Hallingspringar. Frå B-klassa kom det 3 paret, Ami Petersson og Håkon Dregelid frå Voss spelemannslag. Dei dansa Rull frå Vestlandet.
Søndag, under premieutdelinga på Meisterkonserten, vart resultatet offentleggjort. Det vart Ami Petersson og Håkon Dregelid som gjekk av med sigeren og kunne ta med seg den gjeve Kongepokalen heim til Voss.