Hopp til innhold

Kongeleg Munch-opning i London

– Dette er eit bevis på at Munch også blir godtatt i den engelskspråklege verda, sa dronning Sonja på Tate Modern i dag.

Dronning Sonja på Munch

Dronning Sonja studerer Munch på Tate Modern i London.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

London: Gry Blekastad Almås
Foto: NRK

I dag opnar den populære utstillinga «Det moderne øyet» i London, på eit av dei mest respekterte kunstmusea i verda, Tate Modern.

Dronning Sonja og representantar frå heile det offisielle Noreg var til stade på før- og pressevisninga, som gjekk føre seg i formiddag.

Pushwagner på Tate Modern

Hariton Pushwagner er blitt skildra som ein moderne Edvard Munch. Her studerer han meisteren sjølv på Tate Modern.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

«Det moderne øyet» er så langt vist i Frankfurt og Paris, og fram til no har over 750.000 besøkt utstillinga. På Pompidou-senteret i Paris vart det ei av dei mest besøkte utstillingane nokon sinne, sidan opninga av senteret i 1977.

– Kva tenkjer Dronninga om eit britisk publikum under OL?

– Eg trur det blir veldig spanande, det er mange gjestar som kjem til London frå andre land. Det vil vere eit bevis på at Munch også blir godtatt her i den engelsktalande delen av verda. I Tyskland har det vore enklare å forstå Munch, mens her i dei engelsktalande landa har ein vore litt meir tilbakehalden, uttaler dronning Sonja til NRK.

LES: London er Munch-klar

(Artikkelen held fram under biletet)

Tate Modern

No kan du sjå Munch på Tate Modern.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

– Håpar vi vil få eit perfekt museum

Pikene på broen

Pikene på broen er eitt av maleria som blir stilt ut på Tate Modern.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

På spørsmål frå engelsk media om ho kan forklare viktigheita av Munch i Noreg, seier Majesteten:

– Eg skulle ønskje eg kunne. Eg trur at han er betre kjent internasjonalt, og betre forstått. Det er alltid slik med kunstnarar som står nær deg, ein ser kanskje ikkje kvalitetane før det er for seint, seier Dronninga.

– Eg håpar at vi vil få eit perfekt museum for han i løpet av nokre få år.

Som kjent går debatten framleis om eit nytt Munchmuseum i Noreg. I mellomtida reknar Munchmuseet med at over ein million menneske vil ha sett «Det moderne øyet», før den returnerer til Oslo.

LES: Europas kunstelite slår alarm

– Denne utstillinga viser ei ny side av Munch. Han brukte fotografi, han var interessert i teater og han oppdaga levande filmbilete, som han brukte nesten som skisser og maleri. Det er overraskande å sjå korleis han brukte dei moderne teknikkane som vaks fram på den tida. I 1902 kjøpte han sitt første kamera i Berlin og eksperimenterte heile tida, noko eg synest er fantastisk, seier dronning Sonja.

(Artikkelen held fram under biletet)

Munch på Tate Modern

Det var stor interesse for Munch-utstillinga på Tate Modern.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

Pushwagner på Munch-utstilling

Også kunstnaren Pushwagner var til stade på Tate Modern i dag. Han debuterer sjølv med si første soloutstilling utanfor Noreg i Milton Keynes onsdag.

LES: Internasjonal Pushwagner-debut

Han har fleire gongar blitt samanlikna med meisteren sjølv, Edvard Munch.

– Eg har ikkje sett nok av Pushwagner, men han har noko veldig moderne i seg, det er klart, som teikneseriemetoden. Kanskje Munch også hadde nokon av dei same ideane på film, som han såg og nytta. Det er kanskje nokon likskapstrekk, meiner Dronninga.

Utstillinga blir å sjå på Tate Modern fram til 14. oktober. Deretter blir den vist på Munchmuseet frå 27. oktober.

Dronning Sonja

Dronning Sonja blir vist rundt på Tate Modern.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober