Hopp til innhold

Kongeleg bryllaup kan nå hitlistene

Prins William og Kate Middletons «I do» blir utgitt på CD, vinyl og kassett. Lydsporet til bryllaupsseremonien leggast ut på nett rett etter vigselen.

William and Kate

Prins William og Kate Middleton giftar seg 29. april. Rett etterpå kan du gå inn i nettbutikken Itunes og kjøpe lydsporet til vigselen, komplett med ekteskapsløfter og salmar.

Foto: DANNY LAWSON / Afp

Det kongelege bryllaupet i England nærmar seg med stormskritt. 29. april vert prins William og Kate Middleton vigsla i Westminster Abbey i London.

Bryllaupet blir å finne både som album, digital nedlasting i nettbutikken Itunes og singlar, melder BBC.

I butikkane i mai
BRITAIN

Merksemda er stor rundt det kongelege bryllaupet. Bøker, magasin, krus og postkort med paret som motiv er allereie i sal.

Foto: LUKE MACGREGOR / Reuters

Heile seremonien vil bli gitt ut digitalt av Decca Records gjennom Itunes. Eit album i fysisk format vil vere til sals i butikkar på CD, vinyl og kassett frå 5. mai.

Albumet blir produsert av Grammy-vinnaren Anna Barry, som står bak meir enn 500 innspelingar med mellom anna Andrew Lloyd Webber og operasongaren Jose Carreras.

Musikarar som skal opptre under seremonien inkluderer The Choir of Westminster Abbey, The Chapel Royal Choir, The London Chamber Orchestra og fanfare-blåsarar frå Royal Air Force.

– Det raskaste albumet vi har gitt ut

Albumet vil også innehalde eit hefte med gangen i vigselen, ekteskapsløfta, opplesingar, salmar og velsigningar, i tillegg til dei musikalske innslaga.

– Takka vere den digitale teknologien vil vi kunne sende ut innspelinga til verda nesten med ein gong. Det vil vere det raskaste vi nokon gong har gitt ut eit album av denne størrelsen, seier ein talsmann i Universal Music UK, som står for distribusjonen, til BBC.

Les om prinsebryllaupet:

Kan gå inn på hitlista

Dersom albumet følgjer dei offisielle hitliste-reglane, kan det gå inn på hitlista som blir oppdatert kvar veke. Individuelle spor, til dømes ekteskapsløfta, vil også vere tilgjengelege som singlar.

Eitt pund av kvart album som blir solgt vil gå til The Foundation of Prince William and Prince Harry.

Det har tidlegare blitt spekulert i om britiske TV-kanalar også vil sende vigselen i 3D. Merksemda er stor rundt bryllaupet, og bøker og magasin om det er allereie ute i butikkane.

Konkurrerer med foreldra - og Britney

Plateselskapet Decca lanserte også innspelingar av bryllaupet til prins Charles og prinsesse Diana i 1981 og gravferda til prinsesse Diana i 1997. Det offisielle BBC-albumet for bryllaupet var to veker på førsteplass på albumlista, medan lydsporet til gravferda til Diana nådde tredjeplass på albumlista.

Sjef for The Official Charts Company, Martin Talbot, uttaler til BBC at det nye bryllaupsalbumet er den raskaste lanseringa av eit album han kan hugse.

– Dette albumet vil vere første gong for dei kongelege - og for digital musikk, seier han.

Det står att å sjå om William kan slå foreldra sine på hitlista. Han vil nok også få tøff konkurranse frå mellom anna album-aktuelle Britney Spears og Adele,som ligg høgt oppe på listene i dag.

Diana og prins Charles

Prins Charles gifta seg med sin Diana i 1981. Lydsporet til bryllaupet låg to veker på førsteplass på hitlistene.

Foto: AP

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.