Morten Holmefjord er krona til visekonge av Fusa. Vitner var ordførar, heimevernsjef og eldreleiar. Alt var på stell. Tronstolen var ein konge verdig, kappa var i purpur, det andre var i sylv og folket i Fusa vifta med det fusiske flagget.
I vel to år skal Fusa vera kongedømme og leva side om side med den kommunale forvaltinga. Hausten 2005 ska så folket stemma over om dei vil halda fram som eige monarki eller gå i union med Noreg att.
Å oppretta kongedømmet Fusa og sprada rundt som visekonge på ordre frå ein hemmeleg ordentleg konge er Holmefjord sitt hovudfagsprosjekt som kunststudent. Han vil skriva ny historie for Fusa, gi folket nye myter, nye historiar, nye idear, nye tankar og ny forståelse av stat, nasjon og identitet. Og dette skal halda på i to og eit halvt år til. Og alt i august skal han møta ordføraren i nabokommunen Os for å forhandla om eit landområde som han vil ha attende til Fusa.
Linda Eide har møtt mannen som sist laurdag som lot seg krona til Visekonge av Fusa i Hordaland. Høyr innslaget her.