Hopp til innhold

Kon-Tiki kan verte 3D-film

Den planlagte storfilmen om Thor Heyerdahls Kon-Tiki-ekspedisjon kan verte den første norske spelefilmen i 3D.

Kon-Tiki

Når filmen om Thor Heyerdahls Kon-Tiki kjem, kan det verte i 3D.

Foto: NRK

Fleire amerikanske 3D-filmar har gjort det skarpt på kino den siste tida, og no vurderer norske filmskaparar å kaste seg på bølgja.

Filmen om Kon Tiki skal ha premiere neste haust, og produsent Aage Aaberge seier dei no undersøkjer moglegheitene for å lage filmen med 3D- teknologi.

Aage Aaberge

Produsent Aage Aaberge trur Kon-Tiki kunne vorte endå betre i 3D.

Foto: Berit Roald / Scanpix

— Det vil kunne vere med å løfte ein slik type film, det er eit eventyr vi snakkar om. Slike filmar vil kunne eigne seg for denne teknologien, seier Aage Aaberge.

Fordel i utlandet

Fiksjonsfilmen om Thor Heyerdahls Max Manus-duo regisserer ny film . Aage Aaberge og regissørparet bak Max Manus, Joachim Rønning og Espen Sandberg, har eit budsjett på heile 83 millioner kroner og ambisjonar om å nå ut i heile verda med ein engelskspråkleg versjon. Premieren er planlagt til hausten 2011.

— Skal ein ut med denne typen film, og konkurrere utan for landets grenser, så er ein nøydd til å vurdere det. Det som taler imot er mangel på kompetanse, ekstra tidspress og ikkje minst økonomien, seier Aaberge.

Thor Heyerdahl med en modell av Kon-Tiki.

Thor Heyerdahl med ein modell av Kon-Tiki.

Foto: Børretzen, Sverre A. / SCANPIX

Kor dyrt det vert, veit dei ikkje, og om det vert premiere med eller utan 3D-briller neste haust er enno uvisst. Men Aaberge er sikker på at vi uansett snart vil få sjå den første norske spelefilmen i 3D-formatet.

— Eg vil ikkje verte overraska om vi får ein norsk spelefilm i 3D i løpet av to-tre år, seier Aaberge.

3D-suksess

Det siste året har filmar som «Alice in Wonderland» og «Avatar» i 3D-versjon oppnådd svært gode besøkstal. Suksessen til 3D-filmane har fått kinoane til å følgje etter. Minst 80 prosent av kinoane i Noreg, vil i løpet av eit år få utstyr til å vise 3D-filmar i løpet av eitt år, ifølgje ferske tal NRK har fått frå distributøren av utstyret.

Alice in Wonderland

Alice i Eventyrland er ein av 3D-filmane som har gjort det godt på kino i Noreg.

Foto: Disney

— Eg trur det har nyhendeinteresse no, og er ein såpass stor hype, så at nokon vil prøve seg snart, er eg ganske sikker på, seier Kjell Vassdal, hovudlærer for fotografane ved Den Norske Filmskolen.

Vassdal har vore fotograf for ei rekkje norske spelefilmar dei siste 30 åra. Han kjenner til fleire kortfilmplaner i 3D, men han har inntrykk av at langfilmprodusentane framleis sit på gjerdet.

— Det vil sikkert kome, men eg trur produsentane er redde for at dette berre skal verte ein ekstrakostnad. Budsjetta på norske filmar er marginale frå før. Dersom ein i tillegg skal putte inn endå fleire kostnader på tekniske utfordringar, så spørst om ein har pengar til det, seier Vassdal.

Ikkje alt eignar seg

Filmfotografen trur 3D-filmar har ei framtid, men meiner at ikkje alle type filmar kler den nye teknikken.

— I 3D får ein ei finast oppleving av bilete som har ein rolegare rytme. Ein episk forteljarstil passar difor bra, synest Vassdal.

Actionfilm vil difor fungere best utan 3D-effekt, og han trur også at barnefilm er vanskeleg i 3D, fordi barn vil ikkje orke å ha på seg 3D-briller så lenge.

— Men ein film som Kon-Tiki vil eg tru er spanande å gjere i 3D.

Filmkritikar i NRK, Birger Vestmo, meiner at fordi 3D framleis er noko nytt, vil det gje ein ekstra reklameeffekt. Han trur «Kon-Tiki» har potensial som 3D-film, men om teknikken skal tilføre noko kunstnarisk til filmen er det viktig at ein gjer det skikkeleg, meiner han.

— Det kjem heilt an på korleis det vert gjort. Det er viktig at ein planlegg dette frå starten av, og at 3D ikkje berre er noko ein slengjer på i slutten.

«Avatar» har vorte vellukka, fordi ein under utviklinga av filmen visste at han skulle visast i 3D, medan ein i «Clash of the Titans» la til 3D-effektar til slutt, med dårleg resultat, synest Vestmo.


Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Kulturstrøm

  • Quisling-film til Toronto

    Regissør Erik Poppes kommende film om Quisling, «Quislings siste dager», er invitert til filmfestivalen i Toronto.

    Det vil si at den får internasjonal premiere i Toronto i begynnelsen av september.

    Ifølge Norsk filminsittutt skal «Quislings siste dager» vises i seksjonen Special Presentation som er for høyprofilerte spillefilmer.

    – Dette er virkelig en ny og betydningsfull milepæl for oss. Toronto-festivalen er den viktigste nord-amerikanske filmfestivalen. Den medfører ofte amerikansk distribusjon, og er også en avgjørende introduksjon til Oscarakademiet om vi blir valgt som norsk kandidat, sier filmens produsenter Finn Gjerdrum og Stein B. Kvae i en pressemelding.

    Verdenspremieren blir på filmfestivalen i Haugesund søndag 18. august.

    Gard B. Eidsvold spiller rollen som landssviker Vidkun Quisling.

    Gard B. Eidsvold som landssviker Vidkun Quisling i filmen Gard «Quislings siste dager».
    Foto: Agnete Brun / Paradox, SF Studios
  • Ei verkeleg god barnebok

    – (...) Arnfinn Kolerud er av dei finaste barnebokforfattarane vi har. Teksta er som alltid overraskande. Styrken til Kolerud ligg nettopp i at du aldri veit kva veg forteljinga vil ta. Ein annan kvalitet er det leikne språket, skriv litteraturkritikar Anne Cathrine Straume om barneboka «Ivar får ansvar».

    Bokomslag av "Ivar får ansvar" og portrett av Arnfinn Kolerud
    Terningkast 5 Bok

    «Ellevilt og pinleg om pengar og makt»

    ANMELDELSE: «Ivar får ansvar» av Arnfinn Kolerud

  • ESC 2025 blir i Basel eller Genève

    Eurovision Song Contest 2025 vil finne sted enten i Basel eller Genève, opplyser det sveitsiske kringkastingsselskapet fredag.

    Avgjørelsen kommer etter en vurdering av konsertlokaler, kollektivforbindelser, bærekraft, hotellmuligheter, sikkerhet og motivasjonen til de respektive byene.

    Det endelige valget blir tatt i slutten av august. Kostnadene for å arrangere Eurovision er anslått til å være rundt 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 356 millioner kroner etter dagens kurs (NTB).