Det var Ben Stiller som fortalde at faren, Jerry Stiller, var død. Måndag morgon la han ut ei melding på Twitter om dødsfallet.
– Det er med sorg eg seier at faren min, Jerry Stiller, har gått bort av naturlege årsaker. Han var ein flott far og bestefar, og den mest dedikerte mannen til Anne i nesten 62 år. Han vil bli sakna sterkt. Eg er glad i deg pappa.
Jerry Stiller var gift med komikaren Anne Meara i nesten 62 år. Ho gjekk bort i 2015, 85 år gammal. På 60- og 70-talet utgjorde dei ein komikarduo som gjesta fleire TV-program. Dei fekk barna Amy og Ben Stiller, som begge er skodespelarar.
TV-pappa
På 1990-talet blei Stiller kjent over store delar av verda som Frank Costanza, faren til Geroge Costanza, i komiserien «Seinfeld». Stiller var med i 26 episodar av serien mellom 1993 og 1998. Han blei Emmy-nominert for innsatsen i 1997.
Etter at «Seinfeld» var over i 1998, gjekk han vidare til ein annan situasjonskomedie frå New York, «Kongen av Queens». Serien handlar om bodbilsjåføren Douglas Steven Heffeman og kona Carrie, som er advokatsekretær.
Stiller spelte faren til Carrie, Arthur Spooner, som bor i kjellaren til paret fordi han ikkje vil på gamleheim.
Dramaroller
Stiller spelte også i fleire filmar. Han har blant anna samarbeidd med sonen Ben i begge «Zoolander»-filmane og i filmen «The Heartbreak Kid». Han spelte også i John Waters-filmen «Hairspray» frå 1988. I 2007 spelte han også i nyinnspelinga av same film.
Men han spelte også meir seriøse roller. Han spelte blant anna i thrilleren «Pelham 1-2-3- kapret» og katastrofefilmen «Katastrofealarm – Airport 1975». Han har også hatt roller i krimseriar som «Homicide: Life on the Street» og «Law & Order». I 2011 spelte han dommar i advokatserien «The Good Wife».
Jerry Stiller gjorde også mykje teater. Han hadde sin debut på Broadway i 1954, der han gjorde komediar, musikalar og drama.
I 2007 fekk Jerry Stiller ei stjerne på Hollywood Walk of Fame saman med kona, Anne Meara.