Hopp til innhold

Komikar takkar gamletrenaren for at han ikkje blei kriminell

Yousef Hadaoui snart klar med ny sesong av «Svart Humor».

SJÅ VIDEO: I Lørdagsrevyen møter Yousef Hadaoui igjen gamletreneren, Dag Arne Midtland etter mange år. Sjå innslaget her.

I tenåra spelte komikar Yousef Hadaoui, kjent frå humor-serien «Svart humor» fotball på Bøler i Oslo. På den tida var det både eit miljø med nynazistar i området der han vaks opp, og fleire av Yousef sine kompisar enda som kriminelle.

At Yousef Hadaoui skulle ende opp med eige humor-program på tv var ikkje gitt. I oppveksten på Bøler i Oslo var vegen kort til kriminell løpebane.

LES OGSÅ: Svart humor, sesong 2, 6 episoder

For nokre av ungdommane på Bøler var det fotballen og fotballtrenaren Dag Arne Midtland eller «Dagga» som blei redninga.

– Eg var ein temperamentsfull og litt hissig fyr, innrømmer Yousef Hadaoui.

Han meiner det å ha tilbodet med å spele fotball kombinert med ein så god trenar gjorde at han heldt seg på riktig side av loven i ungdommen.

– Viss eg ikkje hadde spelt fotball og brukt energien min på banen, så kunne eg fort ha gjort noko kriminelt, seier Hadaoui.

110 armhevingar på ei trening

Trenar Dag Arne Midtland var ivrig på å gje spelarane armhevingar viss dei banna eller ikkje gjorde som trenaren sa. På ei og same trening fekk Yousef Hadaoui 110 armhevingar.

Yousef Hadaoui

FEM STRAKE: Gamletrenar Dag Arne Midtland gjer Yousef Hadaoui fem strake når han bommar på mål, akkurat som i gamle dagar på Bøler.

Foto: Tordis Gauteplass

Når NRK er med Yousuf Hadaoui og gamletrenaren til Haraløkka, fotballbanen på Bøler, der dei møtest igjen etter mange år, har dei med ball og speler litt. Idet Hadaoui skal forsøke å skyte på mål og bommar, får han fem strake av trenaren.

– Fy faen, dette er minner «Dagga», seier Hadaoui medan han slit seg gjennom fem armhevingar. Det blei ein del armhevingar hugsar eg. Det var på grunn av kjeft og banning, det var ein god kombinasjon av mykje rart, seier Hadaoui.

Rørt trenar

Dag Arne Midtland var trenar for gutelaget på Bøler til dei blei juniorar ein gong på slutten av 1990-talet. Han blir rørt når han ser at gutane han har trena får det til som vaksne. Trenaren siktar til Hadaoui, som er klar med sin andre sesong av NRK-programmet «Svart Humor» rett etter påske.

– Eg syns det er moro når det er folk, som eg veit eg har jobba litt ekstra med, som får det til og gjer det bra. Eg må innrømme at det er rørande, seier Dag Arne Midtland.

Yousef Hadaoui og Dag Arne Midtland

GAMLETRENAR: Komikar Yousef Hadaoui takkar gamletrenaren, Dag Arne Midtland for at han ikkje gjorde noko kriminelt i ungdomstida.

Foto: Tordis Gauteplass

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober