Skodespelar Knut Risan er død, 80 år gammal. Det stadfestar Nationaltheatret.
– Eg kan stadfeste at vi har fått beskjed av familien om at han er død, seier informasjonssjef Alexander Bergan ved Nationaltheatret til VG Nett.
Stemma bak Askepott
Risan er kjent for roller som kongen i «Reisen til julestjernen», Helmer i «Et dukkehjem» og blomsterhandlar Rosengren i «Jul i Skomakergata».
Ikkje minst er stemma hans kjent for mange gjennom filmen «Tre nøtter til Askepott», som blir vist på NRK kvar julaftan, der han har stemma til alle karakterane.
– Alle stemmene til filmen vart spelt inn i hui og hast ein sommardag i 1973, fortalte Risan i eit intervju med Aftenposten i 2009.
Risan debuterte på Nationaltheatret i 1955, og spelte 148 roller der i løpet av karriera. Han spelte også ved Den Norske Opera, Den Nationale Scene og Riksteatret.
Knut Risan mottok Per Aabels ærespris i 1993. Han pensjonerte seg som skodespelar i 1998.
SJÅ INNSLAG I DAGSREVYEN HER: