Knallharde frontar mellom naboane ved Utøya

Striden om minnestaden på Utøyakaia har skapt stort engasjement og sterke kjensler i lokalmiljøet. Trakassering og hets kjem fram i kommentarfelta, seier redaktør i Ringerikes Blad.

Befaring Utøya rettsak

Dette biletet er frå synfaringa i forbindelse med rettssaka om minnestaden.

Foto: Tina Brock / NRK

– Det eg opplever som krevjande er at det er såpass harde frontar som det er.

Det seier ansvarleg redaktør Sissel Skjervum Bjerkehagen i Ringerikes Blad.

Ho har vore tett på debatten mellom naboane som er for og imot minnestadsplasseringa på Utøyakaia.

Bjerkehagen peiker på at anten ein var med å redde ungdommane den tragiske dagen i 2011 eller om ein mista nokre av sine nærmaste, så rører saka ved det aller inste.

Og det kjem til uttrykk i spaltene.

– Det blir såpass fort varmt at vi må passe på når vi har innlegg om denne tematikken. For det er fort gjort at det kjem skuldingar og karakteristikkar av motparten som ikkje eignar seg for det saka eigentleg handlar om, seier ho.

Sissel Skjervum Bjerkehagen, ansvarlig redaktør Ringerikes Blad

Sissel Skjervum Bjerkehagen, ansvarleg redaktør i Ringerikes Blad.

Foto: Ole Edvin Tangen / Ringerikes Blad

Kraftige personangrep

Ho trekker fram at dei som er imot minnestaden ofte blir skulda for å vere brune og for å tilhøyre ytre høgre. Og for å indirekte dele Breiviks tankegods.

– Det dannar grunnlag for konspirasjonar som ikkje gjer denne debatten enklare, meiner ho.

På den andre sida blir dei som er for minnestaden skulda for å ikkje ta omsyn til dei som var lokale heltar den dagen.

– Innlegga som blir sendt til lokalavisa er harde i ordbruken, og inneheld til tider kraftige personangrep.

– Da må vi fjerne det aller grovaste som kjem fram for å ta omsyn til dei involverte.

Men dei må også ha med formuleringar som viser kor betent denne saka er. Og den oppheta debatten får også fritt tilløp i kommentarfelta.

– Dette er noko vi følgjer med på. Vi har ein disiplin på at upassande kommentarar blir rapporterte, slik at ein kan moderere, seier ho.

Perspektiv fra fjorden. Utøya-kaia. Minnested.

Monumentet skal bestå av 77 bronsesøyler på tre meter, som står i ein bogeformasjon.

Foto: Statsbygg

Krevjande for eit lokalsamfunn

Det er mange på begge sider av saka som ikkje har tora eller orka å engasjere seg i den offentlege debatten fordi frontane er harde.

Dei neste to dagane skal fleire som bur i området rundt Utøyakaia vitne for retten.

Både dei som er imot å ha minnestaden på Utøyakaia, og dei som ønsker minnestaden velkomen.

– Det har nok ikkje kome så tydeleg fram i offentlegheita dei siste månadane, men vi opplever ganske stor støtte frå mange naboar nært Utøya, seier Sindre Lysø, generalsekretær i AUF.

Sindre Lysø

Sindre Lysø, generalsekretær i AUF, opplever at det er brei støtte for å ha minnestaden på Utøya.

Foto: Brede Bleiklie Thomassen / NRK

Han legg vekt på at det ikkje er noko tvil om at det er krevjande for eit lokalsamfunn å stå i ein slik prosess.

– Likevel opplever eg at minnestaden på Utøyakaia har brei støtte og at det er mange som ønsker at dette kjem på plass, også blant naboane.

Helseskade kontra estetikk

Ei utfordring for diskusjonen rundt minnestaden er at det er fort gjort å snakke forbi kvarandre. Det påpeiker Ole Hauge Bendiksen som er advokaten til naboane som har saksøkt staten og AUF.

– For mine klientar har det vore vanskeleg å ikkje få støtte frå andre meiningsbrytarar i nabolaget, seier han.

Bendiksen legg til at det ikkje berre handlar om forskjellige meiningar, men bakgrunnen for det.

Advokater, Grålum-saken

Advokat Ole Hauge Bendiksen. Han representerer naboane som er imot å ha minnestaden på Utøyakaia.

Foto: Rune Fredriksen

Mine klientar meiner det vil påført helseskade, mens andre naboar meiner det er pent og vakkert. Det er vanskeleg å sjå at deira helse ikkje blir vektlagt meir enn det blir.

Håpar det går an å leve side om side

Bjerkehagen har jobba som redaktør i Ringerikes Blad i berre eitt år. Ho innrømmer at ho hadde sterkare oppfatningar av saka før enn nå.

– Du får eit heilt anna blikk når du kjem tettare på, spesielt nå som eg har fått møte både dei som er saksøkarar og dei som ønsker minnestaden på Utøyakaia, seier ho.

Og legg til at jo meir forståing ein får for denne tematikken, jo vanskelegare er det å vere skråsikker rundt kva som er riktig.

– At det har skapt nokre sår som det er lett å pirke skurva over, det er eg redd det vil vere i fortsetjinga også. Og så håpar eg at vi kan leve side om side sjølv om ein har hatt forskjellige syn i denne saka her.

Kulturstrøm