Hopp til innhold

Klart for «Mesternes Mester» – for ellevte gong

ZADAR (NRK): Kven tar heim pokalen i år? Det er det store spørsmålet når ein ny runde av «Mesternes Mester» startar i kveld.

Deltakere, Mesternes mester, sesong 11

KLARE FOR INNSATS: Bak f.v.: Margaret Knutson Aase (jiu-jitsu), Madeleine Enersen Hellerød (dans), Ingvill Måkestad Bovim (friidrett), Magnus Moan (kombinert), Emil Hegle Svendsen (skiskyting), Vidar Riseth (fotball). Framme f.v.: Kari Mette Johansen (handball), Odd-Bjørn Hjelmeset (langrenn), Kjersti Buaas (snowboard), Eirik Verås Larsen (padling).

Foto: Stipe Surac/NRK

Ti nye deltakarar frå ti ulike idrettar skal kjempe om retten til å kalle seg Mesternes Mester.

Det uhøgtidelege realityprogrammet er eit av tidenes største sjåarsuksessar på TV i Noreg. I fjor fekk over ein million nordmenn med seg premieren. Då var det enduro- og rallyførar Pål Anders Ullevålseter som vann.

I år går konkurransane føre seg i Kroatia. Innspelinga skjedde i områda rundt den historiske byen Zadar tidlegare i år. Programleiar Dag Erik Pedersen lovar meir av det som har gjort programmet populært:

– Det blir fart, det blir spenning og det blir underhaldning. Men først og fremst blir det veldig god stemning mellom dei fantastiske deltakarane som er med i år.

Tralier, mesternes mester 2020

PROGRAMLEIRAR FOR 11. GONG: Sjå traileren der Dag Erik Pedersen ynskjer velkommen til endå ein ny sesong av Mesternes Mester.

Den ellevte sesongen av «Mesternes Mester» startar 1. januar kl 2005 på NRK1 og NRK TV

Store stjerner og litt mindre kjende fjes

Den største profilen i år er utan tvil Emil Hegle Svendsen. Skiskyttaren la opp etter OL-sesongen i 2018 etter to sølv og ein bronse i Pyeongchang. Totalt står Svendsen med gullskrift i historiebøkene med sine åtte OL-medaljar, 21 VM-medaljar og 28 verdscupsigrar.

– Det er gøy å konkurrere igjen, fortel Svendsen til NRK på ein fridag under opptaka i Kroatia.

Emil Helge Svendsen

FRIDAG PÅ STRANDA: NRK møtte Svendsen og dei andre deltakarane på stranda ein litt overskya dag i september.

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Å kjenne på nervane og konkurranseinstinktet er rett og slett veldig moro. I tillegg har samhaldet på huset vore utruleg artig.

I den ellevte sesongen av «Mestenes Mester» er det med ei rekkje kjende profilar frå store norske idrettar som langrenn, kombinert, fotball og handball. Den doble OL-meisteren og tredoble verdsmeisteren i kajakk, Eirik Verås Larsen, stiller også til start.

– Eg kan ikkje hugse at vi har samla så enormt mange vinnarar av NM-, OL-, EM- og VM-medaljar nokon gong tidlegare, seier programleiar Dag Erik Pedersen.

Madeleine Enersen Hellerød er kanskje det mest ukjende namnet for folk flest. Men 24-åringen frå Lørenskog har ni VM-gull, fem EM-gull og 39 norske meisterskap i diskodans på merittlista.

Madeleine Enersen Hellerød

TILBAKE: Madeleine Enersen Hellerød la opp i 2015, men gjorde eit kort comeback i 2016. No er ho klar for Mesternes Mester.

Foto: arne sørenes / nrk

Totalt har Enersen Hellerød tatt heile 35 internasjonale medaljar. Dermed er ho ei av dei mestvinnande norske dansarane nokosinne.

For Enersen Hellerød er det sosiale det aller beste med å vere med i «Mesternes Mester»:

– Eg har fått nye gode vennskap med utruleg herlege og fantastiske utøvarar med masse energi. Sjølve konkurransane kjem i andre rekke.

Enersen Hellerød bur på rom med Margaret Knutsson Aase og Kjersti Buaas som har internasjonale medaljar frå jiu-jitsu og snowboard.

–Dei liker å halde humøret oppe og finne på litt sprell her og der, seier Enersen Hellerød.

BLI MED INN I «MESTERNES MESTER»-HUSET:

Margaret og Madeleine forteller hemmeligheter

ROMVENNINNER: Madeleine og Margaret fortel små hemmelegheiter frå livet i Mesternes Mester-huset. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK

Dette er deltakarane i den nye sesongen av «Mesternes mester»:

  • Ingvill Måkestad Bovim (38), friidrett (mellomdistanseløp)
  • Kjersti Buaas (37), snowboard
  • Madeleine Enersen Hellerød (24), dans (disko/freestyle)
  • Odd-Bjørn Hjelmeset (47), langrenn
  • Kari Mette Johansen (40), handball
  • Eirik Verås Larsen (43), kajakk
  • Magnus Moan (35), kombinert
  • Vidar Riseth (47), fotball
  • Emil Hegle Svendsen (34), skiskyting
  • Margaret Knutsson Aase (31), jiu-jitsu

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP