Hopp til innhold

Klare for «Mesternes mester»

Dotter til Drillo og Lesja sin største son er blant deltakarane i den tiande utgåva av «Mesternes mester». Her er alle deltakarane i jubileumssesongen.

Mesternes mester, sesong 10

F.v. Ann Kristin Flatland, Lars Berger, Tom Hilde, Pål Anders Ullevålsæter, Hanne Haugland, Kine Olsen Vedelden, Karina Hollekim og Glenn Solberg. Karoline Dyhre Breivang og Ole Martin Årst var ikkje til stades då dette bilete vart tatt. (Foto: Rubicon TV/NRK)

Foto: Rubicon/NRK

Straks etter nyttår er det klart for den tiande sesongen av suksesserien «Mesternes mester» på NRK1. Men alt denne veka set årets deltakarar seg på flyet til Mallorca; klare for sosial kos og beinharde konkurransar på den spanske ferieøya.

– Eg gler meg veldig, seier Lars Berger.

Nasjonal åpning langrenn på Beitostølen

DOBBELTMEISTEREN BERGER: Lars Berger er verdsmeister både i skiskyting og langrenn. No er han klar for å kjempe om pokalen i «Mesternes mester».

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Skihelten frå Lesja, som er verdsmeister både i skiskyting og langrenn, er klar for tre veker i sommarsola ved Middelhavet. Han har sett fleire av dei tidlegare sesongane av «Mesternes mester» på TV, og er glad for å få lov til å vere med denne gongen.

– Men eg gruar meg til dei smertefulle konkurransane. Eg er ikkje så glad i smerte lenger.

Med seg i deltakarhuset ved Puerto Pollensa nord på Mallorca får han desse tidlegare idrettsheltane:

  • Karoline Dyhre Breivang (38), håndball
  • Ann Kristin Flatland (35), skiskyting
  • Hanne Haugland (50), høydehopp
  • Tom Hilde (30), skihopp
  • Karina Hollekim (42), fristil skikjøring og basehopp
  • Glenn Solberg (46), håndball
  • Pål Anders Ullevålseter (49), motorcross og enduro
  • Kine Olsen Vedelden (23), cheerleading
  • Ole Martin Årst (43), fotball
  • Lars Berger (39), skiskyting og langrenn

Ein sjanse til å vise fram idretten

I år er det funne plass til tre topputøvarar frå idrettar som ikkje har vore med i «Mesternes mester» tidelegare:

Karina Hollekim (fristil/basehopp), Pål Anders Ullevålseter (motorcross og enduro) og Kine Olsen Vedelden (cheerleading).

– Eg synest det er veldig stas å vere den aller første frå cheerleading som får vere med på «Mesternes mester», seier Kine Olsen Vedelden.

Kine Olsen Vedelden

KLAR FOR Å VISER FRAM IDRETTEN SIN: Kine Olsen Vedelden har lyst til å vise at ein tidlegare cheerleader kan hevde seg mot andre toppidrettsutøvarar.

Foto: privat / nrk

23 år gammal er dottera til den ikkje ukjende fotballtrenaren Egil «Drillo» Olsen også den yngste som nokon gong har vore med i tv-konkuransen. Trass i den unge alderen kan jusstudenten smykke seg med både NM-, EM- og VM-gull i idretten som er stor i USA og ein av dei raskast veksande i Noreg. I tillegg rakk ho å ta fleire VM-medaljar med det amerikanske klubblaget sitt før ho la opp.

– Eg har alltid måtte overbevise folk om at cheerleading er ein skikkeleg idrett, og vi har framleis ein lang veg å gå med tanke på korleis vi blir sett på. Men at eg no får vere med på «Mesternes mester» er ei stor anerkjenning av idretten vår, seier Kine Olsen Vedelden.

Akkurat det gjer at ho også kjenner på eit stort press om å levere. Det blir liksom ekstra ille å ryke ut først sidan ho føler at ho ikkje berre representerer seg sjølv, men heile idretten:

– Det er ein tøff gjeng eg skal kjempe mot, så eg skal i såfall klare å svelge det.

Tilbake i Spania

I år som tidlegare er det Dag Erik Pedersen som er programleiar for «Mesternes mester». Han er alt på plass i Spania der det heile starta for ti år sidan:

– Hadde nokon sagt til meg den gongen at dette skal du halde på med i ti år, og at «Mesternes mester» skulle bli eitt av dei mest populære tv-programma i Noreg, hadde eg vel berre rista på hovudet.

No gler Pedersen seg til å få deltakarane på plass i huset, slik at konkurransane kan starte.

Lars Berger på si side er med for å vinne, og seier at bikkja og kona har halde han sånn nokonlunde i form dei siste åra. Men han fryktar konkurrentane, ikkje minst Karoline Dyhre Breivang og Pål Anders Ullevålseter:

– Dei trur eg er fykteleg sterke, ikkje minst Pål Anders som verkar som ein luring som både er sterk i kroppen og i hovudet.

Korleis det går kan du sjå på NRK1 januar 2019.

Mesternes mester

VINNAR 2018: Gro Hammerseng fekk den store pokalen av programleiar Dag Erik Pedersen då ho vann «Mesternes mester» 2018.

Foto: NRK/Rubicon TV

Kulturstrøm

  • Nynorsk litteraturpris til Edvard Hoem

    Edvard Hoem er tildelt Nynorsk litteraturpris 2023 for boka Husjomfru.

    Prisen er på 50 000 kroner og blir tildelt på landsmøtet til Noregs Mållag i helga.

    Litteraturprisen er blitt delt ut sidan 1982, og saman med mållaget er det Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen.

    Husjomfru av Edvard Hoem
  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad