Du har kanskje sett ein video på nettet eller høyrt ein sang som setter i gang kjensler. Du kjenner deg kanskje opprømt, får frysningar eller blir rørt. Dette er kjensler som gjer at du likar det du ser eller høyrer, og er viktig for å gjere videoen eller sangen populært.
Det er kjem fram i eit forskingsprosjekt som antropologprofessor Alan Fiske ved Universitetet i Oslo gjennomfører.
– Det er veldig lite forsking på den fysiske opplevinga, korleis kroppen opplever det og kva denne kjensla gjer med deg, seier Fiske.
Viktig for sosiale medium
Vi likar å blir rørte. Difor søker vi etter det, og deler gjerne det vi blir rørte av. Det er ein av grunnane til dei mange dyrevideoane i sosiale medium.
– Fleiralet av kattevideoar og babyvideoar blir sett av folks som ønsker å vekke denne kjensla. Det er ikkje alle som blir rørte, men det er mange som blir det, seier Fiske.
Kjensla av å bli rørt er også ei vitktig forklaring på kvifor populærkultur festar seg hos folk, seier Fiske:
– Disney, Pixar og Taylor Swift hadde ikkje eksistert utan «kama muta». Kvifor tener Taylor Swift millionar av dollar på å få tolvåringar til å kjenne seg som dei gjer?
Mitt lille land
Ein av videoane som har blitt brukt i forskingsprosjektet er rosehavet etter 22. juli med Maria Mena sin versjon av «Mitt lille land».
– Det er ei låt som eigenteg ikkje er så veldig trist, seier Mena. Sangen skildrar rett og slett berre mange av dei tinga vi elsker med dette landet. Og det er interessant, at når noko så grusomt som 22. juli skjer, så går vi til ei låt som skildrar kor stolte vi er over Noreg. Det blei symbolet på samhaldet som oppsto. Det blei eg også rørt av.
Tenker du på at du vil gjere folk rørt når du lagar musikk?
– Nei, men eg har ein regel. Og den regelen er at eg ikkje sluttar å forske på kvifor noko kjentes på ein viss måte før eg byrjar å gråte. Det å gjere meg sjølv rørt. Det er så morosamt korleis kroppen reagerer fysisk når det skjer, seier Mena.