I romanenen "Kunsten å gå" er vi på 1960-tallet. Vi møter ein gut som er sjukeleg, og som i ein periode er inn og ut på sjukehus.
Kroppslege fy-ord
Lars Amund Vaage er nominert til Brageprisen med boka "Kunsten å gå"
- 1960-talet var nok ei tid då det meste var litt strengare enn nå. Samtalen var meir lukka, ikkje minst om kroppslege ting, som eg skriv om i denne boka, fortel Lars Amund Vaage.
Hovudpersonen må til dømes fjerna forhuden. Han blir grundig mobba i dusjen på skulen, og blir kalt inn til rektor saman med foreldra. Men han kan ikkje snakka med foreldra om kva som plagar han. Og når han til sist gjer det, let foreldra som ingenting. Dei kan ikkje ta ord for kjønnsorgan i bruk.
- Det er mange menneske som har problem med å snakka saman. Dei er flinke til å lata som ingenting. Det åpnar store rom for ein forfattar.
Kunsten å teia
Er du selv oppvaksen i eit slik miljø?
- Ja. Å teia om problema og istaden snakka om kvardagslige ting, det er eg vant med. Ein skulle ikkje snakka om kjensler. Ein skulle ikkje ha kjensler. Hadde ein dei, så skulle ein dempa dei. Ord som å elska blei aldri brukt. Ordet kjærleik fanst ikke i dette miljøet.
Ordet kjærleik finst for så vidt ikkje i mitt talespråk heller. Eg seier "kjærlighet". Ordet høyrer ikkje til i mitt nynorske vokabular. Det er ein bagatell, men det seier jamvel noko om eit strengt vestnorsk miljø, seier Vaage, og legg til:
- Det var jo òg ein fordel med dette språklege måtehaldet. Når dei store orda fyrst kom, så galdt det. Då var det alvor. Men eg skriv ikkje om min eigen familie. Faren min kunne snakka om alt mogeleg. Så familien min er ikkje representativ for dette miljøet.
Å fortelja sitt liv
Om ikkje du skriv direkte sjølvbiografisk, så er det jamvel likskap mellom deg og guten i boka di? Han fortel historier, nett som du?
- Ja, eg gjekk òg og fortalde historier då eg var liten. Det er jo noko av det same eg gjer i dag - å fortelja ting, få merksemd, eg blir nokon gjennom å bruka ord, seier Lars Amund Vaage.
Frå ein samtale med Agnes Moxnes i Kulturbeitet, NRK P2
Høyr heile samtalen ved å klikka på lydlenka over til høgre