Hopp til innhold

Kjendisheimar til sals

Har du drømt om å bu i huset til ei popstjerne eller ein berømt komponist? No har du sjansen.

Meg Ryans hus til sals

Meg Ryans eigedom i Los Angeles er til sals for 65 millionar kroner.

Foto: Realtor.com

Medan heimane til historiske kunstnarar gjerne blir museum med tida, som Edvard Griegs hus Troldhaugen og Henrik Ibsens siste husvære i Arbins gate 1, kan heimar med ferskare kjendisfaktor få ein ekstra sus over prislappen.

Mellom husværa som ikkje har nådd museumsstatus, er leilegheita Dmitri Sjostakovitsj (1906–1975), ein av Russlands store komponistar, budde i då han skreiv sin kanskje mest berømte symfoni.

Dmitri Sjostakovitsj' leilegheit til sals

Eit av roma i leilegheita Sjostakovitsj budde i.

Foto: Mirkv.ru

Skreiv Leningrad-symfoni med bomberaid og levande lys

Dmitri Sjostakovitsj' leilegheit ligg ute til sals med ein prislapp på 57 millionar rublar, eller drygt 11 millionar kroner. Komponisten var fødd i St. Petersburg, som i 1924 fekk namnet Leningrad, og det var i denne leilegheita han budde då andre verdskrigen braut ut.

4. september 1941 byrja bombinga av Leningrad. Same dagen byrja Sjostakovitsj på andresatsen av symfonien, som han skreiv på to veker, berre avbroten av kjappe turar til det lokale bomberommet når byen vart angripen.

Under arbeidet med tredjesatsen mista byen straumforsyninga, og komponisten feira 35-årsdagen sin med mørkt brød, poteter og vodka. Kort tid etter vart han evakuert til Kujbysjev, der han fullførte symfonien han dedikerte til heimbyen.

Symfonien fekk enorm merksemd over heile verda, og Sjostakovitsj vart brått tidas største komponistkjendis. Musikken vart oppfatta som ein patriotisk protest mot nazismen, men seinare utsegner frå komponisten kan tyde på at verket i like stor grad var antistalinistisk.

Les: – Sjostakovitsj er feiltolket

Boligkompleks der Sjostakovitsj' leilegheit ligg

Bustadkomplekset i St. Petersburg der Sjostakovitsj' gamle leilegheit ligg, vart bygd i 1914.

Foto: Mirkv.ru

Symjebasseng og sju bad for 65 millionar

Meg Ryan kan neppe vise til like dramatiske hendingar når ho skal selje eigedomen sin, men til gjengjeld har huset i Bel Air, Los Angeles hage, symjebasseng, gjestehus og sju bad.

Ryan kjøpte huset for rundt 50 millionar kroner (8,5 mill USD) i 2000, og har tidlegare prøvd å selje det for 110 millionar, ifølgje Huffington Post. No ligg huset ute til sals for om lag 65 millionar.

Meg Ryans hus til sals

Frå Meg Ryans eigedom i Bel Air.

Foto: Realtor.com

Britney Spears kutta prisen seks gongar

Denne veka har Britney Spears endeleg fått inn bod på huset sitt i Beverly Hills, etter å ha prøvd å selje det i fleire år og sett ned prisen seks gonger. Ho kjøpte det i 2006, og opplevde sine kraftigaste nedturar i denne heimen i 2007. Bodet på eigedomen er på 25 millionar.

Ei anna kvinneleg popstjerne som sel hus i Beverly Hills, er Christina Aguilera, som har sett 78 millionar som prislapp på eigedomen med adressa 513 Doheny Road. Filmstjernene Sylvester Stallone og Harrison Ford har også lagt ut hus til sals i vår.

Farralone Estate

Farralone Estate var staden for Frank Sinatras festar på 1950-talet.

Foto: Farraloneestate.com

I fotspora til Sinatra, JFK og Marylin

Om du ikkje har meir ein 70 millionar tilgjengeleg og synest Aguileras hus vert i dyraste laget, kan du få ein annan legendarisk eigedom til den prisen: Farralone Estate i California, der Frank Sinatra budde i fleire år og John F. Kennedy og Marylin Monroe var mellom gjestene.

Endå fleire ville nok ha mulegheit til å kjøpe barndomsheimen til Farrah Fawcett i Corpus Christi, Texas – den vart lagt ut for sal i april med prislapp på drygt 1,2 millionar kroner.

Og dersom du ikkje er på bustadjakt, men berre likar å titte på spektakulære hus, kan du kanskje også ha glede av å sjå nærare på huset i Palm Springs, California der Sean Connery som James Bond fekk juling av to spreke damer i filmen «Diamonds are Forever». Det er ikkje til sals.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober