Hopp til innhold

Kjendisar i politikken: – Susar forbi køen

Statsvitar Stein Erik Tuastad reagerer på at nokre kjendisar fekk fleire personstemmer enn lokalpolitikarar i valet. – Han snakkar tull, svarar Kristoffer Joner.

Kristoffer Joner under søndagens pressekonferanse i forbindelse med filmen "Bølgen" i Haugesund

Kristoffer Joner blei den nest mest populære Ap-politikaren blant Ap-veljarane i Stavanger, og dermed bystyremedlem. Han er for tida aktuell i filmen 'Bølgen'.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Fleire kulturpersonlegdommar fekk ekstra kryss i årets kommuneval, og vil bli å finne i kommune- og bystyre rundt om i landet. Statsvitar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Stavanger meiner det er problematisk.

– Dei blir valt inn utan å ha gjort noko anna enn å vere kjent. Det må vere ei litt ugrei kjensle for kvardagsheltane som ikkje er kjente, som står på med heltemodig arbeid på fritida for fellesskapet. Og så er det då nokon som berre susar forbi køen, seier han.

Blant dei kjente namna finn vi artist Ida Maria, skodespelar Geir Kvarme, debattant Shabana Rehman, Hilde Skovdal, mest kjent som Charter-Hilde, og skodespelar Kristoffer Joner.

– Tull

Joner fekk 1009 kryss på Arbeiderparti-lista i Stavanger og 161 slengjarar frå veljarar som stemte på andre parti. Han blei dermed valt inn i bystyret. Skodespelaren, aktuell med filmen «Bølgen», innrømmer at han er fersk i politikken, men:

– Eg syns det er merkeleg at ein statsvitar skal seie at det berre finst nokre spesielle menneske som skal få lov til å halde på med politikk. No snakkar han litt tull, svarar Joner.

Statsvitar Tuastad trur nokre av kulturkjendisane har eit brennande engasjement og kan gjere ein god jobb, men at andre kan få seg eit sjokk over kor lange, innvikla og kjedelege kommunestyremøte er.

– For å bli gode politikarar, så kan ikkje folk berre stille opp ein kveld no og då. Der må dei verkeleg jobbe med sakspapira, vere med i dei politiske prosessane, seier han.

Ida Maria er ikkje uroa

Ein av kjendisane statsvitaren meiner har eit oppriktig engasjement, er artisten Ida Maria. Ho blei valt inn i kommunestyret i Nesna for Miljøpartiet Dei Grøne.

Ida Maria

Ida Maria Børli Sivertsen er mest kjent som artisten Ida Maria. No skal ho sitte i kommunestyret i Nesna for MDG.

Foto: Sunniva Sollied Møller

Artisten er ikkje uroa for utviklinga.

– Ein må sette sin lit til at dei som stemmer, gjer det dei trur er det rette. Og så har vi varaordning. Dersom ein person ikkje kan møte, er det andre som står klare til å ta plassen, seier ho.

– Ein fordel

Kristoffer Joner er open om at dersom han ikkje strekk til som politikar, er det på tide å ta eit steg tilbake.

– Då må eg vere mann nok til å seie at eg ikkje kan hjelpe til. Då er det ikkje noko vits at eg er der, seier Joner.

LES OGSÅ: «Bølgen» er norsk Oscar-kandidat

Skodespelar Geir Kvarme, som blei valt inn som bystyremedlem for Høgre i Oslo, trur manglande politisk erfaring også kan vere ein fordel.

– Eg veit ikkje heilt kva eg går til, for eg har aldri sete i kommunestyre før. Det er også ein fordel, fordi eg ikkje har politikk å forsvare. Det manglar ikkje på idear om kva eg syns oslopolitikken bør handle om, seier han.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.