I grunngjevinga for å tildele Kjell Ola Dahl Rivertonprisen for den beste norske krimromanen i fjor, skriv juryen mellom anna at han har skrive ein svært kunnskapsrik, intelligent og truverdig kriminalroman.
– Vi les vidare, andelaust, og blir ikkje skuffa. Nesten alt fell på plass, nesten på utruleg vis, skriv juryen.
- Les også:
Tidlegare er det berre tre forfattarar som har vunne prisen to gongar: Gunnar Staalesen, Jon Michelet og Karin Fossum. Dahl er glad for å bli den fjerde i den eksklusive klubben:
– Dette har mykje å seie for meg. Prisen er den høgste utmerkinga ein kriminalforfattar kan få i Norge. Eg er kjempebegeistra, takknemleg og audmjuk.
Ville slutte
Sjølv om han har hatt stor suksess med kriminalbøkene, truga Kjell Ola Dahl i 2012 med å legge opp som krimforfattar. Men i fjor kom han altså tilbake med «Kureren», som fekk gode kritikkar. «Kureren» vann også Brageprisen i open klasse i desember.
Kjell Ola Dahl debuterte som forfattar i 1993. Han har skrive ei rekke kriminalromanar om politietterforskarane Gunnarstranda og Frölich. Han fekk også Rivertonprisen for 2000 for romanen «En liten gyllen ring». Kriminalbøkene hans kjem ut i 14 land.
Scandinavian Star
Men han har også skrive romantrilogien «Lindeman & Sachs» som handlar om eit Norge som går frå å vere fattig til å bli rikt ved å følge tre familiar. I tillegg har han skrive ei sakprosabok om Scandinavian Star,
Rivertonprisen, «Den gylne revolver», blir kvart år delt ut av Rivertonklubben for «det beste arbeid innan norsk kriminallitteratur». Rivertonklubben blei starta i 1972, og prisen er eit samarbeid mellom Rivertonklubben, Foreleggerforeningen og Bokhandlerforeningen.