Hopp til innhold

Kjærleikens ferieøy

Dei var begge på feil stad då dei møttest tilfeldig på ein kafe på Kypros. I dag, nesten seks år seinare, har dei bygd opp eit felles liv og levebrød på ei lita øy langt ute mot havet i Møre og Romsdal. Vi er hos Annbjørg Flatøy og Chris Athanasi i Flatøy Holidays i Norge Rundt.

Uterestauranten på Flatøy

Stemning som i ein gresk taverna på Flatøy.

Foto: NRK

NRK 1, fredag 22. juni kl. 19.30. 

Sjøhuset på Flatøy er innreidd med gjesterom.

Sjøhuset på Flatøy er innreidd med gjesterom.

Foto: NRK

 I oktober 2001 var Annbjørg Flatøy, frå den vesle øya Flatøy i Sande kommune i Møre og Romsdal, på veg til Egypt på ferie i lag med eine dotter si. Forretningsmannen Chris Athanasi frå London var på veg til Jordan. Men etter terrorangrepa i USA 11. september, var det kaos i flytrafikken over store delar av verda. Dei stranda på Kypros og kom ikkje vidare. Vegane deira kryssa kvarandre tilfeldig på ein kafe, dei kom i prat – og då var det gjort.

Annbjørg og Chris i drivhuset

Annbjørg og Chris i drivhuset bygd opp av gamle vindauge og innreidd med stolar og bord.

Foto: NRK

Uventa besøk

Etter ei veke i lag, måtte dei reise kvar til sitt. Men kontakten heldt dei. Likevel var dei begge i tvil om kvar dette skulle ende. Ein dag bestemte Chris seg for at dette måtte han finne ut av. Han ville besøke Annbjørg uanmeldt. Han kjente lite til Norge, men hadde adressa hennar og visste at ho budde åleine på ei lita øy på vestkysten. Etter ein strabasiøs tur med fly til Oslo, buss til Ålesund, nye bussar, ferjer og drosje, stod han til slutt utanfor døra hennar, to dagar før jul.

Inne var Annbjørg i ferd med å stelle til høgtida. Dei to hundane hennar brukte alltid å varsle når nokon kom, men denne kvelden låg dei rolege på gangen utan å gi lyd frå seg. Ho blei derfor svært overraska då det banka på døra. Sjokket vart ikkje mindre då ho opna og såg kven som stod utanfor!

Chris Athanasi førebur middagen.

Chris tar seg av den greske matlaginga.

Foto: NRK

Pendling

Annbjørg og Chris fann fort ut at dei ville leve i lag. Men kvar? Chris hadde si karriere i London, ho budde åleine på ei lita øy og pendla med ferje til jobben som hjelpepleiar på sjukeheimen. Dei budde i periodar hos kvarandre, men Chris var heile tida engsteleg når Annbjørg var hos han i London.

- Han sa eg var som ein fugl i bur, smiler Annbjørg. Heile livet har ho vore vand med å vere mykje ute. Når han var på jobb, gjekk ho ut åleine. Ho har alltid vore glad i tre, og likte å rusle rundt i parkar og studere dei gamle kjempene der. Men Chris var redd for kva som kunne skje med henne når ho gjekk på slike stader åleine. Han fann det tryggast å flytte til Flatøy.

Sommarmorgon på Flatøy

Sommarmorgon på Flatøy.

Foto: NRK

Familieøy

Flatøy ligg midt mellom ferjestaden Voksa og Sandsøy på Ytre Søre Sunnmøre. Det var Annbjørg sine besteforeldre som budde her, bestefaren hadde sildemottak og fiskebåten «Eldorado». Den gongen var det ikkje veg til øya, dei måtte bruke båt for å kome til og frå. Annbjørg tok over øya og flytta dit tidleg på 80-talet. I staden for å bygge nytt våningshus, valde ho å bygge veg. Og

interessa for tre viser i dag att på øya. Over 6000 tre av nesten 60 ulike slag har slått rot etter at ho har planta dei. 

May Britt Haukås i kano

Programleiar May Britt Haukås fekk prøve seg i kano.

Foto: NRK

Flatøy Holidays

For Chris vart overgangen frå travle London til einsame Flatøy stor. Her er ingen biltrafikk, berre naturen sine eigne lydar bryt stillheita. Lyden av havet, vinden og fuglane erstattar kakafonien i storbyen. Og ofte lyden av latter og leik frå barn og vaksne som har det moro. Chris såg kva for kvalitetar den vesle øya har. I lag med Annbjørg har han bygd opp Flatøy Holidays. Den gamle sildebuda er innreidd med gjesterom, det same er dei to øvste etasjane i våningshuset. Dei har laga ei enkel golfbane der folk som ikkje har prøvd før kan få trene, dei tilbyr bogeskyting, paintball, sandvolley, utandørs badestampar, og leikeplassar. Her er båtar og fiskeutstyr, kanoar og kajakkar, syklar – og biljard og andre innandørsspel for styggeversdagar. Nytt av året er atelieret i kjellaren, der dei stiller ut Chris sine fotografi, Annbjørg sine måleri, og smykker døtrene hennar har laga.

Golf på Flatøy

Golfbana på Flatøy er for folk som ikkje er heilt stødige i sporten.

Foto: NRK

Familieaktivitetar

- Det er ikkje vanskeleg å få nordmenn til å leike, påstår Chris. Han og Annbjørg tilbyr aktivitetar som barn og vaksne, små og store grupper kan vere saman om. Maten dei serverer lagar dei sjølve på kjøkkenet: Chris står for den greske, Annbjørg for den norske. Og begge er fulle av planar om nye prosjekt som skal gjere det kjekt for gjestane. Og dei gler seg over at dei har greidd å skape seg eit godt liv i lag.

Chris Athanasi og Annbjørg Flatøy

Chris og Annbjørg i atelieret der dei stiller ut eigne verk.

Foto: NRK

 

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober