Utkant-Norge blir avfolka og mange menn har problem med å finna seg ein partnar i heimbygda. Omlag eitt hundre og åtti tusen menn mellom tretti og femti år er single her i landet. Mange av dei lever aleine heile livet, mens andre skriv eller reiser utanlands for å få tak i ein partnar. I mange norske bygder er det kvinner frå tredje verden som held folketalet oppe.
Hør radiodokumentaren "Kjærleik på postordre" av Kari Hesthamar på P2 lørdag kl. 10.15.
Odd Geir er 34 år og ungkar. Han bur saman med mor og far på ei øy med berre nitten innbyggjarar. Alle dei han vaks opp med har flytta ut.
- Jentene kjem ikkje roande over fjorden til meg, seier Odd Geir. Han vil ikkje flytta frå Borgøy. Der har han foreldra, gutarommet og ein verkstad.
Alf Arthur har aldri hatt draget på damene. For elleve år sidan skreiv han etter ei filippinsk jente. No er dei gifte og har to ungar. Mange av kompisane hans har fått seg filippinske koner, og fleire av desse kvinnene er i slekt. Dei filippinske kvinnene har skapt eit nytt miljø. Berre i den regionen Alf Arthur bur er det no over hundre norsk-filippinske par.
Kjærleik på postordre
av Kari Hesthamar.
Teknisk regi: Kåre Johan Lund.
Konsulent: Anders Nicolaysen