Nymotens
Det gjekk sjølvsagt godt an å leve utan ordet kjærleik. Folk forplata seg på vanleg måte, og me må anta at følelsane var like sterkte. Men som uttrykk kom dette til landet fyrst på 1300 talet. Det fortel 1. amunensis Sylfest Lomheim i denne utgåva av Radio Røynda.
Lomheim - kjendt frå P2-programmet "Språkteigen" - har no gjeve ut ei bok med same namn.
Impulsar
I Bergen sat den unge og ambisiøse kongen Håkon Håkonson. Han ville syne at vi nordmenn hadde europeiske dimensjonar. Dette førte til at han fekk oversatt fransk litteratur, og med den kom omgrepet "kjærleik" hit. Først til Bergen, før den etterkvart spreidde seg til resten av landet.
Redaksjonen i Radio Røynda analyserer kjærleiken.
Med lyd-eksempel deler dei den inn i desse tre kategoriane:
1.Den gode kjærleiken
2.Den vonde kjærligheten
3.Den reine økslinga
Sjekketriks
Og til slutt fortel Lomheim korleis mannen letteast får ei dame til sengs!