Hopp til innhold

Slo kjærasten i rekneoppgåve - rauk ut likevel

Den yngste deltakaren gjennom tidene er ute av «Mesternes Mester». Likevel går Kine Olsen Vedelden ut av konkurransen med hovudet høgt heva.

Mesternes mester 2019

CHEERLEADEREN: Kine Olsen Vedelden representerer sporten cheerleading i «Mesternes Mester». Då ho la opp som 21-åring hadde ho tatt både eitt VM- og heile sju EM-gull, samt drive med sporten på heiltid i to år for eitt av dei beste laga i USA.

Foto: Toke Riskjær / Rubicon TV/NRK

Sist veke trona Kine Olsen Vedelden øvst ved bordet etter å ha vunne temaet «lagånd» i det populære tv-programmet «Mesternes Mester».

– Eg er veldig stolt over den prestasjonen der, altså. Det var ekstra kjekt at det var så tidleg i konkurransen, for då var det jo framleis mange deltakarar igjen.

Denne veka var temaet «fokus og presisjon», og det gjekk ikkje fullt så bra. Etter tre øvingar kom Kine heilt nederst på resultatlista. Då ho skulle ut i nattesten valde ho Lars Berger, som låg nest nederst, som konkurrent. Den gamle skiskyttaren var sterkast på nattstandplassen, og dermed vart cheerleaderen Kine Olsen Vedelden den tredje deltakaren som måtte forlate «Mesternes Mester».

kine olsen vedelden

UTE AV «MESTERNES MESTER»: Kine Olsen Vedelden vart den tredje deltakaren som måtte forlate huset.

Foto: arne sørenes / nrk

– Eg var eigentleg meir klar for å springe bakkeløp den dagen, men så skulle vi heller telle sitroner og spele boccia. Eg var ikkje motivert i det heile tatt, men prøvde verkeleg hardt å skru meg sjølv på, men klarte det ikkje. På nattesten var eg både sliten og sur, og hadde vore vrang heile dagen. Så eg fortente å ryke ut, altså. Det var litt kjipt, men ja ja. Sånn vart det.

Slo den kommande kjærasten

Dei siste vekene har Kine havna på avisforsidene etter at Se og Hør skreiv at opphaldet i Mesternes mester-huset på Mallorca var starten på eit kjærleiksforhold med medkonkurrent Tom Hilde. Både Kine og skihopparen Hilde, som la opp sist vinter, har stadfesta forholdet ovanfor ei rekkje ulike medier.

Då NRK møtte både Tom Hilde og Kine Olsen Vedelden i Port de Pollenca på Mallorca i sommar var dei gode på å halde det gryande forholdet skjult for omverda. Men Kine hadde tydeleg behov for å fortelje at ho ikkje vart heilt sist i oppgåva som handla om å telje steinar, vimplar og sitroner. Den plassen tok nemleg Tom Hilde med god margin:

Tom og Kine

KJÆRESTEPAR: Tom Hilde og Kine Olsen Vedelden på location på Mallorca sist sommar. Dei stadfestar at dei har blitt kjærestar etter at dei møttest under innspelinga av «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

– Eg var redd for å drite meg ut og ikkje klare simpel hovudrekning, fortel Kine. På den rekneoppgåva var Tom veldig dårleg. Målet mitt var å ikkje vere så dårleg som han, og det var eg ikkje. Eg var berre moderat dårleg. Tom var skikkeleg dårleg, altså.

Heile den fjerde episoden kan du sjå her

Mange fordommar mot cheerleading

Kine Olsen Vedelden synest deltakinga i «Mesternes Mester» har vore ein flott moglegheit til å få vise at cheerleading også er toppidrett. Ho fortel at ho alltid har måtte forsvare at det ho driv med er ein krevjande idrett som krev mykje av den som vil bli god.

– Eg føler at mange ser ned på sporten min, og ofte orka eg eg ikkje å fortelje kva eg faktisk dreiv med då eg var aktiv. For då visste et at eg måtte ta heile runden med å argumentere for at cheerleading faktisk er ein ekte idrett.

FANN TONEN: Cheerleaderen Kine Olsen Vedelden (23) er stor fan av basehopparen og friskikøyraren Karina Hollekim (42). Under innspelinga av «Mesternes Mester» i sommar budde dei på samme rom.

Men i «Mesternes Mester» føler ho at alle har tatt henne på alvor frå fyrste stund.

– Her har det gått veldig bra, dei andre har møtt meg med eit veldig ope sinn. Eg har blitt behandla som ein konkurrent på lik linje med dei andre, sjølv om eg er yngst og kjem frå cheerleading.

LES OGSÅ: Delte rom med sin store helt

Dotter til «Drillo»

Kine Olsen Vedelden er dotter til den legendariske fotballtrenaren Egil «Drillo» Olsen, og tidlegare har han tatt mykje av fokuset når media har omtala Kine sine bedrifter innan cheerleading. Men «Mesternes Mester» har nærast vore Drillofri sone:

– Når eg får forespurnader frå media, så tar eg det alltid for gitt at det er på grunn av pappa. Men her inne har eg faktisk ikkje følt det sånn. Det har knapt nok blitt nevnt at pappa er min pappa, og eg er veldig glad for at fokus har vore på meg og min sport, og ikkje på at eg er dotter til Drillo, på ein måte.

Først og fremst er Kine glad og stolt over at ho kom så langt som ho gjorde.

– Å ryke ut som nummer tre er ikkje noko stort nederlag, og dei andre er jo veldig gode. Eg er eigentleg veldig nøgd med innsatsen min. Særleg etter at eg vart temavinnar i det tredje programmet, då. Det er eg skikkeleg stolt over.

Kulturstrøm

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.