Hopp til innhold

Kinas mest kjende skodespelar sporlaust forsvunnen

I over tre månader har Fan Bingbing vore borte frå offentlegheita. Det er uvisst om ho har gått under jorda, eller om ho er fengsla av kinesiske styresmakter.

Fan Bingbing

Den kinesiske skodespelaren Fan Bingbing er sporlaust forsvunnen. Siste livsteikn frå henne kom på sosiale medium i byrjinga av juni. No går spekulasjonane om ho har gått under jorda eller om ho er arrestert av kinesiske styresmakter.

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Fan Bingbing, som fyller 37 år i dag, er den mest kjende kvinnelege skodespelaren i Kina. Ho har spelt i ein rekke kinesiske filmar, i tillegg til at ho også har ho hatt roller i «Iron Man»- og «X-Men»-seriane.

I mai var ho i Cannes for å marknadsføre spionfilmen «355» der ho spelar mot blant andre Jessica Chastain og Penélope Cruz.

Men no er det over tre månader sidan ho gav livsteikn frå seg, skriv The New York Times. I byrjinga av juni la ho ut ein post på sosiale medium om at ho skulle besøke eit barnesjukehus i Tibet, ifølgje CNN.

To kontraktar

Forsvinninga blir sett i samanheng avsløringa om at ho skal ha hatt to kontraktar. Ei offentleg kontrakt for honorar ho skatta av, og ei privat med eit fem gongar så stort honorar ho ikkje opplyste om til styresmaktene, ifølgje den kinesiske avisa Global Times.

Fan har nekta for at ho har triksa med skatten, men ingen har høyrt frå henne sidan juni.

Filmfestivalen i Cannes: Fan Bingbing, Marion Cotillard, Jessica Chastain, Penelope Cruz og Lupita

I mai var Fan Bingbing i Cannes for å marknadsføre spionfilmen «355» under filmfestivalen. Frå venstre: Fan Bingbing, Marion Cotillard, Jessica Chastain, Penélope Cruz og Lupita Nyong'o

Foto: ERIC GAILLARD / Reuters

Ein kinesisk filmprodusent seier til CNN at slike kontraktar er svært vanlege i den kinesiske filmindustrien. Han seier mange er nervøse dersom det skulle vise seg at Fan er fengsla på grunn av dette.

– Nesten alle kontraktar i kinesisk film har punkt som er lovstridige, og ville ikkje ha tolt ein grundig kontroll.

Men spekulasjonane går også om at forsvinninga kan ha samanheng med personleg rivalisering i filmindustrien eller politisk maktkamp.

Øydelagt merkevare

Skuldingane om skattesvik har uansett ført til at namnet til Fan Bingbing er sverta. I førre veke publiserte eit universitet i Beijing ei rangering over 100 kjendisar etter kor stort samfunnsansvar dei tok. Fan blei rangert sist.

Etter forsvinninga er ho fjerna frå filmplakaten til ein spelefilm med Bruce Willis. Premieren er utsett frå august til oktober.

Fan hadde også ei rolle i ein animasjonsfilm som skulle ha hatt premiere i juni. Denne er utsett på uviss tid. Og ifølgje The New York Times er rolla hennar no redigert ut av filmen.

Hugh Jackman, Fan Bingbing, Peter Dinklage

Fan Bingbing har blant anna spelt i filmen «X-Men: Days of Future Past» mot Hugh Jackman og Peter Dinklage.

Foto: EDGAR SU / Reuters

I tillegg til å spele i filmar, har Fan Bingbing også gjort reklame for fleire luksusmerkevarer. Mange av desse merkevarene er no i ferd med å distansere seg frå Fan, skriv Sydney Morning Herald.

Den kinesiske finansavisa The Economic Observer skreiv i slutten av juli at medarbeidarane til Fan blei avhøyrde, og at broren hennar ikkje fekk forlate landet. Men artikkelen blei raskt teken av nettet, melder BBC. Og innlegg på sosiale medium som omtalte artikkelen, skal ha blitt fjerna.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.