Hopp til innhold

Kim Kardashian kom i kjolen til Marilyn Monroe

Nokre av verdas største stjerner gjekk på den raude løparen då Vouge arrangerte The Met Gala i New York i natt. Kim Kardashian kom i kjolen Marilyn Monroe brukte i 1962. Også Renate Reinsve fekk skryt for antrekket.

Kim Kardashian og Pete Davidson ankommer The Met Galla

Kim Kardashian viste fram kjolen til Marilyn Monroe på veg inn til The Met Gala natt til tysdag. Kjærasten hennar, komikaren Pete Davidson, gjekk for svart dress og solbriller.

Foto: ANDREW KELLY / Reuters

Gallaen har blitt kalla årets fest for stjerner innan film, mote og media, og blir arrangert av motemagasinet Vogue på The Metropolitan Museum of Art på Manhattan.

Du må vere spesielt invitert for å kunne delta på velgjerdsmiddagen. Inngangsbilletten skal koste rundt 330.000 kroner. Dersom du i tillegg vil sitte ved eit bord og ete, skal det koste rundt 2 millionar kroner ekstra.

Reality-stjerna Kim Kardashian har dei siste åra fått merksemd for kjolane ho har hatt på seg under gallaen. I fjor kom ho i ein heilsvart kjole med hette som dekka ansiktet, og i 2019 kom ho i ein hudfarga «wet look»-kjole.

I år kom ho med bleika hår og kjolen Marilyn Monroe brukte då ho song «Happy Birthday, Mr. President» for president John F. Kennedy då han feira 45 årsdagen, kombinert med eit innsamlingsarrangement for Demokratane, i Madison Square Garden i New York 19. mai i 1962.

Kim Kardashian

Kim Kardashian seier ho måtte gjennom ein streng diett og trene hardt for å passe inn i kjolen.

Foto: ANDREW KELLY / Reuters

I lånte klede

Kardashian seier til Vogue at ho brukte 14 timar i frisørstolen for å få den rette blonde fargen på håret. Ho seier ho fekk ideen til antrekket etter fjorårets galla.

– Eg tenkte: Kva er det mest amerikanske du kan tenke deg? Det er Marilyn Monroe. Og for meg er det mest Marilyn Monroe-ske augneblinken då ho song «Happy Birthday» for JFK, det er den «looken».

Kjolen er teikna av Bob Mackie for moteskaparen Jean Luis, og var den dyraste kjolen som er seld på auksjon då museumskjeda Ripley's Believe It or Not kjøpte han for 4,8 millionar dollar i 2018.

Marilyn Monroe synger under president John F. Kennedys 45 årsdag i Madison Square Garden.

Marilyn Monroe på scena i Madison Square Garden i mai 1962. 60 år seinare fekk kjolen ein ny tur opp den raude løparen i New York.

Foto: Cecil Stoughton / White House Photographs/John F. Kennedy Presidential Library and Museum, Boston

For å få kjolen til å passe, seier Kardashian at ho måtte slanke bort sju kilo.

– Det var ei skikkeleg utfordring. Det var som ei rolle. Eg var fast bestemt på at eg skulle passe inn i kjolen, sa ho ifølge Reuters.

Kardashian er den einaste personen utanom Monroe som har brukt kjolen, skriv museet på heimesidene sine.

Men ho hadde kjolen på i berre nokre få minutt, skriv Vogue. Fordi kjolen er svært skjør, og svært verdifull, skifta ho rett før ho skulle gå opp den raude løparen. Etter å ha kome inn i bygget skifta ho på nytt, til ein replika av kjolen, som ho brukte resten av kvelden.

Reinsve på fest

Også Renate Reinsve deltok på gallaen. Etter «Verdens verste menneske» har ho fått stor merksemd i USA. I april blei det kjent at ho også skal spele i den amerikanske filmen «The Governess».

På den raude løparen i natt kom Reinsve i skinnbukser og ein magetopp frå Louis Vuitton. Ho skal ha blitt invitert til velgjerdsgallaen av Nicolas Ghesquière, som er sjefdesignar i motehuset.

Ifølge arrangøren Vogue var Reinsve blant dei best kledde denne kvelden.

Renate Reinsve ankommer The Met Gala i New York

Renate Reinsve på veg inn til The Met Gala.

Foto: Mike Coppola / AFP

Met-gallaen markerer opninga av den årlege moteutstillinga ved The Metropolitan Museum of Art. Årets tema i utstillinga er «I Amerika: Ei motehistorie», og ser på historia til den amerikanske kjolen.

Det er meininga at temaet skal vise seg i antrekka denne kvelden, men ifølge Reuters var det fleire kjendisar som hadde eit laust forhold til tema. Dei kom i både kjolar og buksedressar, laga av både amerikanske og utanlandske klesdesignarar.

Fleire bilde frå den raude løparen:

Gigi Hadid på The Met Gala 2022

Modellen Gigi Hadid kom i ein buksedress og ei stor boblekåpe.

Hillary Clinton på The Met Gala

Det er 20 sidan sist Hillary Clinton deltok på The Met Gala i New York. Kjolen kjem frå Joseph Altuzarra.

Janelle Monae på The Met Gala 2022

Artisten og skodespelaren Janelle Monae kom i ein svart og sølvfarga kjole frå Ralph Lauren.

Eric Adams og Tracey Collins ankommer The Met Gala 2022

New York-ordførar Eric Adams og Tracey Collins. Adams kom i ein smoking, pynta med symbol for undergrunnen i byen, og med teksten «End Gun Violence» skrive på ryggen.

Blake Lively og Ryan Reynolds ankommer The Met Gala 2022

Blake Lively og Ryan Reynolds på veg opp den raude løparen. Kjolen til Lively er frå Versace, og er inspirert av New Yorks Grand Central Terminal og Fridomsgudinna.

Billie Eilish ankommer The Met Gala 2022

Billie Eilish i eit antrekk signer Gucci.

Riz Ahmed på rød løper før The Met Gala 2022

Skodespelaren Riz Ahmed kom til festen i ei svart open skjorte med kvit t-skjorte under.

Kris Jenner ankommer The Met Gala 2022

Medan dattera kom i kjolen til Marilyn Monroe, kom Kris Jenner i ein kjole som var meint å heidre Jackie Kennedy, ifølge AFP.

Chloe Kim ankommer The Met Gala 2022

Snowboarder og OL-vinnar Chloe Kim gjorde sin debut på The Met Gala i år.

Alicia Keys på The Met Gala 2022

Alicia Keys i eit antrekk frå Ralph Lauren. Dei 200.000 krystalla på kappa er dandert for å likne New Yorks skyline.

Høyr meir om Met-gallaen i Arena:

I natt rullet den røde løperen ut på Metropolitan museum of art i New York, og det var duket på Met-gala. Arena tar temperaturen, sjekker ut kjolene, hører fra noen som har vært der før, og prøver å se hva mote har å gjøre i kunsten.

I natt rullet den røde løperen ut på Metropolitan museum of art i New York, og det var duket på Met-gala. Arena tar temperaturen, sjekker ut kjolene, hører fra noen som har vært der før, og prøver å se hva mote har å gjøre i kunsten.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober