Hopp til innhold

Kevin Vågenes opplevde homohets: – Jævla pakk

Robert Stoltenberg og Kevin Vågenes er våre fremste komikarar. Og opne homofile. Det har ikkje alltid vore enkelt.

Ein mann står inntil eit tre og ser mot kamera

For Kevin Vågenes er det viktig å markere Pride fordi det minnar oss på at her i Noreg er det vår rett å elske den oss vil.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Kevin Vågenes er framleis ein liten gut. Han går i 2. klasse på barneskulen. Ein ettermiddag er han på veg heim frå fotballtrening.

I halvsøvne drøymer han at han kyssar ein annan gut.

«Kva var dette for noko?», tenker han.

– Eg hadde jo aldri sett to gutar kysse før. Derfor tenkte eg at det eg hadde sett i draumen min ikkje var greitt, fortel Kevin Vågenes i dag.

Han som alltid fortalde mammaen sin alt torde ikkje å seie noko om det han nettopp hadde vore vitne til i sitt eige hovud.

Ein mann står inntil ein kvit vegg og ser mot kamera

– Vi hadde ikkje Vegard Harm da eg var liten. Det var ingen å relatere til. Det var ein veg eg visste lite om.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

«Blir sikkert normal»

I dag er han ein av Noregs mest kjente komikarar som er open om kven han er. Men den gongen valde han å legge lokk på det.

Og lokket skulle sitte på lenge. Veldig lenge.

– Eg håpa på at det skulle gå over. «Eg blir sikkert normal etter kvart», sa eg til meg sjølv.

Skam var noko Robert Stoltenberg også kjente på da han voks opp.

– Det trur eg mange har. Det som har vore påfallande er at det er mange av dei yngre som også har kjent på skam, seier Stoltenberg.

Mykje å takke for

Den store pioneren i karakterhumor hugsar spesielt godt da han som 11-åring såg homoaktivist Kim Friele på TV.

Robert Stoltenberg sit ute på ein stein med bygning i bakgrunnen. Han ser inn i kamera og smiler.
Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Eg tenkte at det er utruleg at det går an å vere så tøff og stå i det. Det var så skambelagt. Det var eit ikkje-tema, og så står ein så opp for det slik som ho gjorde.

– Vi har utruleg mykje å takke dei som har stått fremst i toget for at vi kan leve som likeverdige menneske i dag, understrekar Stoltenberg.

«Ha deg vekk din homo»

Kevin bar på si hemmelegheit til han var 23 år gammal. Etter å ha utsett det gong på gong, bestemte han seg for å fortelje det til mammaen sin på fjelltur.

Det var noko eg måtte bli trygg i sjølv, før eg kunne snakke med nokon andre om det.

På ein benk i skogen braut Kevin endeleg av lokket.

Eg trudde at da var vi ferdige. Men da var det slik at alle åra eg hadde lagt lokk på det kom opp igjen. Så da sat vi der og gret begge to, fortel han.

Mammaen hans gjekk heim for å fortelje det til resten av familien. Da Kevin kom etter, og nærma seg huset, såg han faren og brørne stå utanfor. Faren vifta med armane og ropte: «Ha deg vekk din homo!».

Vel og merke på kødd.

– Eg byrja å le, dei lo og vi klemte. Pappa stod med tårer i augo. Og eg såg i augo hans at han meinte det motsette av det han sa. Det var berre ein måte å bryte isen på, understrekar Vågenes.

Ein mann står oppreist i ein park med grøne tre rundt seg. Han ser mot kamera.

Kevin Vågenes tok med mammaen sin på fjelltur da han skulle fortelje at han var homofil.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Ubehagelege situasjonar

Etterpå kjente han på ein enorm lette. Han vart mykje friare i sosiale settingar, og fekk betre kontakt med folk.

Trass i ei positiv utvikling av homofile sine rettar, har både han og Robert Stoltenberg opplevd ubehagelege episodar.

Kevin Vågenes har blitt utsett for trakassering og trussel fleire gongar. Ekstra ekkelt var den gongen da ein mann i militærjakke stoppa opp og skua Kevin frå topp til tå. Han hadde hat i blikket sitt.

– Han oppførte seg på ein veldig truande måte.

Mannen byrjar å spytte mot han.

Da kjenner eg at hjartet byrjar å slå. Han er tydelegvis provosert over at eg er til.

Heldigvis blir Kevin redda av ein Securitas-vakt. Mannen i militærjakka går.

– Og så flirer han og seier «jævla pakk». Kva ville ha skjedd om Securitas-vakta ikkje hadde kome? spør Kevin seg i dag.

Les også Utsatt for grov vold på byen: – De ropte «jævla homoer»

Mann i sykehusskjorte liggende i en sykeseng

Pride er uttrykket for mangfald

Vågenes peiker vidare på at det finst mykje grums der ute. Nettopp derfor er det viktig å markere Pride, meiner han:

– Fordi det kommuniserer at ein rett til å leve det livet ein ønsker. Det er viktig at barn får det bodskapet tidleg.

Robert Stoltenberg er einig.

– Eg er glad og takknemleg for at eg lever i ei tid der ein kan leve eit godt liv som homofil. På den måten er Pride eit uttrykk for at vi kan kose oss, hygge oss, feire oss sjølv, livet og mangfaldet.

Robert Stoltenberg ser mot kamera og smiler

Robert Stoltenberg er glad han har jobba i ein inkluderande bransje.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Søker homofile

Saman har dei nå gått saman for å lage ein sketsje-serie i forbindelse med Pride. I serien trer dei inn i dei velkjente karakterane Birthe og Jeanette.

Duoen har nemleg vorte HR-ansvarlege i NRK og fått i oppdrag å auke talet på opne homofile i NRK. Dei tar nokre kreative grep, og fleire kjente profilar dukkar opp.

To velkjente karakterer, Kevin Vågenes´ Birthe og Robert Stoltenbergs Jeanette er blitt HR-ansvarlige i NRK og sitter på kontoret.

«Birthe og Jeanette søker skeive» kan sjåast på NRK TV.

Foto: NRK

– Eg håpar det hjelper dei unge menneska å sjå to homofile karakterspelarar som får lov til å tulle med legning og kven vi er, seier Vågenes og understrekar at slik har det ikkje alltid vore lov til.

Ifølgje Inge Alexander Gjestvang, som er leiar i FRI, har Vågenes og Stoltenberg betydd mykje for mange.

Representasjon av mangfald betyr mykje. Det er viktig for mange å ha opne og synlege skeive å spegle seg i slik at dei ser at dei ikkje er den einaste i verda.

Han meiner også at det er eit sunnheitsteikn at nokon sitt kjønn og seksualitet kan vere underordna andre kvalitetar og kvalifikasjonar.

– På den måten kan ein gjere karriere fordi ein kan noko, og ikkje fordi ein er noko, legg Gjestvang til.

Inge Alexander Gjestvang i FRI

Inge Alexander Gjestvang er leiar i FRI - Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Foto: Pressefoto / FRI

Ekstra tøft i machokulturar

Vågenes og Stoltenberg har aldri møtt på fordommar eller vorte diskriminert i bransjen dei har jobba i.

Men Stoltenberg er klar over at det framleis eksisterer i visse miljø.

– Det er eit tankekors at det ikkje er fleire fotballspelarar som er homofile. I mannsdominerte bransjar, eller i yrke med macho-kultur, kan det sikkert vera ekstra tøft.

Derfor synest han at det er veldig fint å sjå at politiet, forsvaret og andre yrkesgrupper er med i Pride-paraden.

– Og så har det ein fantastisk signaleffekt på unge folk, som ser at det å vere homofil, det skal pokker ikkje hindre deg i å gjennomføre draumane dine og måla dine.

Pridefesten i Oslo kan du sjå direkte på NRK 1 og NRK TV laurdag frå kl. 14.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.