– Det var viktig for oss gjere noko som ikkje var i same gate som «Parterapi», men som kjentest nytt og friskt ut. Og som vi sjølve ikkje hadde sett før, seier Kevin Vågenes.
Komikaren er kanskje best kjent frå suksesserien «Parterapi» der karakterar som «Kjell-Simen» og «Siv-Anita» vart spesielt populære.
Nå er han aktuell med serien «Hva skjedde med Solveig?», som han har skrive saman med Martin Zimmer og Lars Kristian Flemmen.
Serien er ein humorserie som bruker sjangergrep frå true crime.
For i «Hva skjedde med Solveig?» blir bloggaren Solveig Lyngåsen angripen og drepen under si eiga livesending.
Politiets tunnelsyn og amatørmessige arbeid gjer at drapet aldri blir oppklart. Derfor bestemmer to journalistar seg for å nøste opp i kva som skjedde med Solveig.
I «Hva skjedde med Solveig?» blir vi kjent med nye karakterar, men vi får også eit gjensyn med kjente karakterar frå «Parterapi».
Foto: Seefood TV/NRKTrue crime-komedie
Det var ikkje tilfeldig at serieskaparane valde å lage humor på nettopp true crime:
– Det var mange ting som appellerte. Her er det «talking heads», det er journalistar som grev i saka, og det er arkivbilde og rekonstruksjonar som vi kan gjere vår eigen vri på, seier Zimmer.
– I true crime-seriar møter vi i tillegg på politifolk, vitne, journalistar og andre involverte. Dette var ein sjanger som gjorde det mogleg for oss å få inn ulike typar og personar. På den måten kunne vi få eit så stort og morosamt persongalleri som overhovudet mogleg, fortel Vågenes.
Også i denne serien spelar Vågenes dei fleste av karakterane, nærmare bestemt heile 17 roller.
Men korleis går ein fram for å lage humor på ein sjanger som i utgangspunktet er mørkt og betent?
Ingen konkret sak
– For oss har det vore viktig å ta i bruk alle dei typiske trekka som finst i true crime-dokumentarar, og strekke og tøye på dei slik at dei passar inn i vår tulle- true crime, seier Vågenes.
– Det betyr at vi har prøvd å bruke arkivopptak på ein humoristisk måte og gjere rekonstruksjonane så komiske som mogleg, legg Zimmer til.
– Kva har den største utfordringa vore?
– Vår tilnærming har vore å la det vere så generelt som mogleg, og ikkje la det likne på éi konkret sak. For ein vil jo ikkje at nokon skal sjå på det og få ei dårleg kjensle. For dette er humor, seier Zimmer.
Martin Zimmer er ein av serieskaparane, og har også jobba med Kevin Vågenes på andre prosjekt, deriblant «Parterapi».
Foto: Kjetil SolhøiFullstendig fiktivt
Kevin Vågenes fortel vidare at dei heilt sidan oppstarten har vore bevisste på at offeret i serien ikkje skulle likne på ein konkret person.
– Offeret i serien er heilt lausriven frå både internasjonale og nasjonale saker, og er fullstendig fiktiv.
– Kva svarer de til dei som likevel er kritiske til å lage humor på ein slik type sjanger?
– Viss det er noko som blir karikert eller gjort narr av i denne serien så er det politiets arbeid, og det har vist seg å vere ein gjengangar, og det tenker eg er greitt å kommentere, svarer Vågenes.
Martin Zimmer og Kevin Vågenes har vore mykje ute i skogen i forbindelse med den nye serien «Hva skjedde med Solveig?».
Foto: Kjetil SolhøiSjåarane løyser drapsgåta
Ifølgje medieforskar på UiO, Timotheus Vermeulen, har true crime eksistert sidan starten av 1900-talet, men har fått ein fornya popularitet dei siste tiåra.
– Grunnen til at det appellerer så mykje til oss er fordi det korresponderer med korleis vi oppfattar verda. I denne sjangeren blir vi bedt om å vere detektivar saman med dokumentarfilmskaparen. Vår oppgåve som sjåar blir å løyse drapsgåta, seier han.
I tillegg følgjer true crime-sjangeren alle reglane for detektivfiksjon.
– Den sjangeren har alltid snakka til oss, og er ein av dei eldste sjangrane innan film og TV, påpeiker forskaren.
Vermeulen legg vidare til at alle sjangrar skapar sine eigne parodiar. Også true crime.
– True crime-parodiar finst allereie. På Netflix kan du for eksempel sjå «American Vandal», og av podkastar kan du lytte til «A Very Fatal Murder» av The Onion.
Dette er likevel fyrste gong det kjem ein norsk true crime-komedie.
Du kan sjå «Hva skjedde med Solveig?» i NRK TV.