Hopp til innhold

Er dette reklame eller kunst?

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fleire og fleire motehus produserer dyre kunstfilmar for å nå nye kundar. Keira Knightley kaster kleda i ny Chanel-film.

– Vi aksepterer det som gode filmopplevingar fordi reklamen ikkje er påtrengande, meiner PR-ekspert.

Skodespelarinnene Keira Knightley og Katie Holmes er ute med sine nye filmar denne veka. Men det blir ikkje nokon Oscar på kvinnene.

Keira Knightley og James McAvoy i "Om forlatelse".

Keira Knightley spelte med James McAvoy i filmen 'Atonement'. Den var også regissert av Joe Wright.

Foto: Alex Bailey

Filmane er nemleg regissert av det franske motehuset Chanel og sjampomerket John Frieda.

Kortfilmane, som har stjerneregissørar og -fotografar bak kamera, er ledd i reklamekampanjar, men ser meir ut som kunstfilmar.

Forførande Keira Knightley

Kortfilmen til Chanel er regissert av Joe Wright, som tidlegare har samarbeida med Keira Knightley i storfilmane «Stolthet og fordom» («Pride and prejudice») og «Om forlatelse» («Atonement»). Den viser Knightley forføre ein fotograf, kledd i beige catsuit og høge støvlettar. Signert Chanel, sjølvsagt.

Filmen er reklame for deira nye parfyme, men parfyma ser ein berre to gongar i løpet av dei tre minutta filmen varer.

FRANCE-FASHION/

Chanel hadde visning under moteveka i Paris i februar. No har dei sleppt ein kortfilm med Keira Knightley for å marknadsføre seg ytterlegare.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

– Dette er nesten som ein musikkvideo, seier dagleg leiar og strategisk rådgjevar i Siste Skrik, Elizabeth Hartmann.

– Kommuniserer til menn

Hartmann meiner grunnen til at det blir laga fleire slike motefilmar i dag, er at ein brukar nettet til distribusjon av filmane.

– Når det er gratis visning av filmen kan selskapa bruke meir pengar på produksjon, både til innkjøp av musikk og bruk av modellar, seier ho.

Omdømme-eksperten meiner det også er ein god måte å få merksemd på.

– For Chanel handlar det heile tida om å ta vare på merkevara og posisjonen sin. Med slike filmar kommuniserer dei til Chanel-kundar, men også til menn som skulle ønskje dei hadde slike kvinner som Knightley. Det er jo ofte menn som kjøper parfyme i gåve til kvinner, seier Hartmann.

Elizabeth Hartmann

Omdømme-ekspert Elizabeth Hartmann meiner dei fleste vil sitte igjen med ei fin filmoppleving etter å ha sett Chanels nyaste reklame.

Foto: Sveinung Bråthen

– Gir eit meir seriøst image

Elisabeth Skjervum Hole, redaktør i motetidsskriftet Personae , trur motehusa blandar filmkunst og mote for å bli tatt meir seriøst av kundane.

– Dei ønskjer å underbyggje motens karakter ved å vise at den har ei kulturell side. Motebransjen blir av mange ikkje akseptert som det kreative feltet det er, og motehusa får meir kredibilitet av eit kunstprosjekt enn rein reklame, seier ho.

Redaktøren meiner det er opplagt kvifor Chanel har valt seg Keira Knightley.

– Ho er delikat og har alle kvalitetane som er typisk for ei Chanel-dame. Dei vil sikkert nå ut til fleire folk grunna henne, ho er ein person som svært mange vil like å identifisere seg med, meiner Skjervum Hole.

Fashion Rodarte Spring 2011

Denne kolleksjonen er det Rodarte marknadsførar med ein åtte minutt lang film. Her frå motevsining i New York.

Foto: David Goldman / Ap

Kortfilm for sjampo

Elizabeth Hartmann trur dei fleste vil bli sitjande og sjå heile Chanel-filmen, sjølv om det er ei reklame.

– Chanel klarer å få med seg sjåarane heilt til slutten, der produktet blir presentert. Du sit igjen med ei fin oppleving og aksepterer reklama fordi den byr på noko utan å vere påtrengande, meiner ho.

Chanel er langt frå den einaste moteaktøren som har oppdaga den kunstnariske kortfilmen. Denne veka hadde også Katie Holmes premiere på sin første kortfilm, «The Decision», som er laga for å marknadsføre sjampo frå John Frieda.

US-THE-DECISION

Katie Holmes på premiera av 'The Decision' i New York 22. mars.

Foto: Stephen Lovekin / Afp

Filmen ligg ikkje ute på nett enno, men hadde premiere i New York onsdag, og Holmes sjølv dukka opp på den raude løparen.

12-åring i Rodarte-film

Det nyskapande amerikanske motemerket Rodarte har laga ein film på åtte minutt i samarbeid med regissøren Todd Cole.

«The Curve of Forgotten Things» har 12-åringen Elle Fanning, kjent frå filmen «Somewhere», i hovudrolla, med musikk frå indiebandet Deerhunter til.

Den viser Fanning gå gjennom eit tomt hus medan antrekka hennar magisk skiftar frå rom til rom.

Slik marknadsfører Rodarte sin vår- og sommarkolleksjon:

Rodarte er forøvrig ikkje ukjende i filmverda. Dei lagde kostyma til Natalie Portman i «Black Swan» og er særs inspirert av film i kolleksjonane sine.

Prada brukar filmstudentar

Italienske Miuccia Prada er kanskje den moteskaparen som er mest kjent for å samarbeide med andre kunst- og kulturaktørar. Prada sponsar kunstnarar, filmskaparar og arkitektar, og lagde til og med sin eigen animasjonsfilm i 2008.

No nyleg har motehuset latt åtte filmstudentar i alderen 18 til 29 år lage kortfilmar om vårsesongens store Prada-hit, «Yo-Yo-veska». Filmane er å sjå på heimesida til Prada , og marknadsfører både veska og dei nye filmskaparane.

(Artikkelen held fram under biletet)

FASHION-FRANCE-MIU-MIU

Prada samarbeidar med mange ulike kulturaktørar og har laga sin eigen animasjonsfilm. Her frå den tradisjonelle motevisninga i Milano under moteveka i februar.

Foto: PIERRE VERDY / Afp

Norsk motefilm

Også her i Noreg har moteskaparar kasta seg på trenden. Designaren Iselin Engan lagde ein motefilm førre haust, nesten utan budsjett. Ho forventar ikkje å tene nokon pengar på den.

– Ein har lettare for å skape ei heilskapeleg atmosfære med film. Min intensjon her er ikkje å reklamere for meg sjølv. Eg vil gje folk ein smakebit av kva dei kan vente seg og sette stemninga for det eg lagar, uttalte ho til NRK Nasjonalgalleriet.

Sjå video:

Video ISELIN-ALS-200910-WW

SJÅ VIDEO: Iselin Engan i Nasjonalgalleriet.

Trenden med motefilmar har breidd slik om seg at det er starta opp fleire motefilm-festivalar.

Den franske motepersonlegdomen Diane Pernet står bak festivalen A shaded view on fashion film, som delar ut prisar for beste regi, skodespelarar, art director, musikk og sminke i motefilmar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP