Hopp til innhold

Keiino vidare til ESC-finalen

TEL AVIV (NRK): Keiino tok seg vidare til finalen i Eurovision Song Contest laurdag, trass i at dei song feil i første refreng. Dei får følge av blant andre Sverige, Danmark og Russland.

Det norske bidraget utløyste stormande jubel og taktfast klapping i Expo Tel Aviv torsdag kveld. No er dei klare for finalen laurdag kveld.

Den andre semifinalen i Eurovision Song Contest kunne blant anna by på moldovisk sandkunst, sveitsiske latinorytmar og svensk EDM-gospel. Men den norske trioen Keiino klarte å ta seg vidare til den store finalen laurdag med «Spirit In the Sky».

– Dette var magisk, heilt vanvitig, sa Fred-René Buljo i Keiino til NRK etter semifinalen.

Noreg blei lest opp som land nummer åtte av ti under semifinalen. Det blei nervepirrande minutt, sa Alexandra Rotan.

– Eg blei litt stressa fordi det tok så lang tid før dei leste oss opp. No er eg veldig glad, men vi må passe på å ikkje feire for mykje slik at vi mister stemmene våre.

Men sjølv om det gjekk veldig bra torsdag, er det rom for forbetringar fram mot finalen laurdag, fortalde låtskrivar Tom Hugo.

– Det første refrenget fekk ny tekst i kveld. Så vi får sjå om vi skal vidareutvikle det eller om vi skal gå tilbake til det opphavlege, sa han med eit lurt smil.

Jamt felt

Førehandsfavoritten Nederland og naboane våre i Sverige og Danmark tok seg også vidare frå semifinalen torsdag.

Ifølgje musikkmeldar Marit Johansen Jegthaug var det Sveits, Sverige og Austerrike som stod mest ut i ein semifinale som på førehand blei sett på som svært jamn.

På sjølve arenaen, Expo Tel Aviv, var det Sveits, Sverige og Noreg som hausta mest jubel torsdag kveld med trampeklapp, jubel og allsong.

Svenske John Lundvik framførte sin eigen song under ESC-semifinalen torsdag. Han har også skrive det britiske bidraget som er direkte kvalifisert til finalen laurdag kveld.

Pyro og englevingar

Tradisjonen tru var det mange visuelle effektar og kostyme for å få merksemd for sitt bidrag. Noreg var eitt av landa som fyrte av mest flammar og smell torsdag kveld. Medan Irland mimra om gamal kjærleik i ein iskrembar.

Danske Leonora sørga for det mest møblerte innslaget torsdag kveld med kveldens største stol.

Kroatia prøvde seg med englevingar, medan Russland, med Sergay Lazarev som blei nummer tre i Stockholm i 2016, hadde lagt pengane i eit show med visuelle effektar.

Lazarev sa til NRK etter semifinalen at han håper å gjere det enda betre enn for tre år sidan.

– Eg har mange fine minner frå Stockholm i 2016. Men no får eg ein ny sjanse til å kanskje gjere det betre enn sist gang.

Det russiske bidraget skal ha eit budsjett på om lag 2,5 millionar amerikanske dollar.

Finale på laurdag

Laurdag kveld skal dei 20 bidraga som har kvalifisert seg gjennom semifinalane tysdag og torsdag konkurrere i finalen. Der får dei også selskap av seks bidrag som er direkte kvalifisert.

Desse landa gjekk vidare frå semifinalen torsdag:

  • Nord-Makedonia
  • Nederland
  • Albania
  • Sverige
  • Russland
  • Aserbajdsjan
  • Danmark
  • Noreg
  • Sveits
  • Malta

Tysdag kvalifiserte desse landa seg til finalen:

  • Hellas
  • Kviterussland
  • Serbia
  • Kypros
  • Estland
  • Tsjekkia
  • Australia
  • Island
  • San Marino
  • Slovenia

I tillegg er altså vertslandet Israel direkte kvalifisert saman med Storbritannia, Spania, Italia, Tyskland og Frankrike som er dei største økonomiske bidragsytarane til melodikonkurransen.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.