NRK Meny
Normal

Katy Perry med historisk rekord på Twitter

Katy Perry har akkurat blitt den første i historia som har nådd 100 millionar følgarar på Twitter.

Katy Perry Stockholm

I STOCKHOLM: NRK møtte Katy Perry i Stockholm i begynnelsen av juni.

Foto: Christian Ingebrethsen / NRK

Ei veke etter at Katy Perry gav ut albumet «Witness» har den amerikanske popartisten blitt den mest følgde personen på Twitter i historia.

SJÅ: Intervjuet NRK gjorde med Katy Perry om minnekonserten i Manchester.

Det var Twitter som først annonserte rekorden.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Perry, som oppretta Twitter-kontoen sin i 2009, har vore ein aktiv brukar av Twitter. Ho har skrive heile 8500 innlegg og likt 5500.

Sjølv følger ho berre 205 personar. Blant dei utvalde ho følgjer er Ivanka Trump, Chelsea Clinton, Brie Larson og Bernie Sanders.

LES OGSÅ: Astrid Smeplass med på Katy Perry sitt nye album

Nyleg var Katy Perry ein av artistane som spelte under minnekonserten etter terroren i Manchester.

Ingen andre i verda har så mange følgarar som Katy Perry på Twitter. Justin Bieber ligg tett bak med 97 millionar følgarar, medan Barack Obama har 91 millionar følgarar. USAs president Donald Trump har «berre» 32 millionar.