Normal

Katja kom nesten til finalen i Anno

– Eg har vunne ein tredjeplass, seier Katja Kålheim.

katja Kålheim

– Det var ei konkurranse, men samtidig hadde vi prinsippet om at den beste skulle vinne. Ingen skulle gjere skitne triks for å vinne, seier Katja om sesongen.

Foto: NRK/Strix

Det vart nesten Anno-finale for Katja Kålheim, som tapte armbrøstskytinga mot Linn Elise i sesongens siste konkurranse før finalen. Men ein tredjeplass er på ingen måte eit tap:

– Når ein tapar for nokon som er betre, så er det aldri ein skam. Eg har hatt ei fantastisk oppleving, og eg har ikkje tapt ein konkurranse, eg har vunne ein tredjeplass, seier Katja, som trudde skytekonkurransa skulle bli vanskeleg.

– Etter kvart skjønte eg at «dæven steike», det er ikkje så avgjort. Det vart den siste pila som avgjorde!

Norsk realityserie. Det er endelig klart for finale, men først skal tre bli til to gjennom en turnering og en laugsprøve. Etter ti uker står to finalister igjen. Den som har tilegnet seg mest kunnskap om tiden, vinner Anno og blir borger av byen. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (30:30)

Sjå den spennande armbrøstduellen her.

Gjennom ni veker har vi følgt deltakarane i Erkebispegården kome nærare og nærare finalen, der Linn Elise og Simen til slutt vart ståande før førstnemnde gjekk av med sigeren.

Viktig å ta vare på handverket

Katja arbeider nært på kulturminne i Tingvatn Fornminnepark og besøkssenter, og særleg med tekstilhistorie og -teknikkar. For ho er ikkje handverket berre spesielt, det er noko vi er pliktige til å bevare – noko ho er glad for å få vise fram:

Katja Kålheim og Araceli Quempumil

Katja hugsar mange augneblinkar frå sesongen – då Araceli knakk vevekoden var ein av dei.

Foto: NRK/Strix

– Det er veldig viktig at vi ikkje berre treng akademikarar. Det vi gjorde på Anno var jo formidling av håndbåren kunnskap, slik folk har lært av kvarandre og vist til kvarandre, ikkje noko dei kan lese i bøker, seier ho.

– Eg pleier å seie at vi treng «kloke hender», der det er hjernen og hendene saman som resulterer i utruleg flotte ting.

Ho føler seg heidra over å ha fått lov til å bu i Erkebispegården ved Nidarosdomen, og ha fått vise fram tradisjonane. For Katja er veving ein stor del av kvardagen, sjølvsagt skulle ho ynskt at vevelauget hadde vore ein del av finaleveka.

– Dei to andre hadde sikkert fiksa den også, berre ikkje så kjapt! Å sjå Simen veve hadde vore krona på heile verket.

30-talet førte med seg meir fattigdom enn vi kanskje tenkjer på, Katja si bestemor vart solgt på torget.

Farmora til Katja vart seld på torget som born. – Ho fortalde om det sjølv, at dette måtte vi ikkje gløyme, seier Katja.

Hadde tolt endå tøffare kår

Til trass for at Katja aldri har fekta før, klarte ho seg godt gjennom tre rundar med duellar i Anno. Mannen hennar hadde gleda seg til å sjå ho i aksjon.

– Vi har hatt mykje moro med det at kjerringa hans sparka frå seg, seier ho og ler.

Katja Kålheim mesterbrev oldermann

Katja vart meister i treskjerarlauget den tredje veka i Anno.

Foto: NRK/Strix

– Skulle eg ha heldt i ein kniv før, så har det vore til å lage mat eller noko slikt, såkalla fornuftig bruk!

Ho kjem til å sakne samhaldet, å kunne bidra til meisterprøvene, å fokusere på éin ting av gongen, og til og med maten og 1500-talslivet:

– Det var heilt ok, ikkje noko problem. Vi hadde det bra om ein tenkjer i forhold til dei som verkeleg levde der. Vi hadde mat – rikeleg med mat etter mi meining, seier Katja, som meiner ho hadde takla endå strammare livreim i Anno.

– Eg hadde kanskje vore villigare til å ha litt tøffare kår, og dratt den eit hakk lengre.

Kulturstrøm

  • 37.500 kroner for piratkopier

    En kvinne som kjøpte falske Louis Vuitton-vesker må betale 37.500 kroner. Hun ble ikke trodd i retten på at varene var til døtrene. Hittil i år har norske tollere destruert piratkopierte varer for over 11 millioner kroner.

  • Kan få en halv million til kunst

    De fire kunstnerne Gunvor Nervold Antonsen, Børre Sæthre, Torbjørn Rødland og Eline Mugaas er nominert til Lorck Schive Kunstpris 2019. Prisen er på en halv million kroner, og skal bidra til debatt og interesse rundt samtidskunsten. Alle de fire har nå fått 150.000 hver til å produsere et verk, og vinnerverket kåres neste høst. Prisutstillingen blir å se på Trondheim kunstmuseum høsten 2019.

    Gunvor Nervold Antonsen (t.v.), Børre Sæthre, Torbjørn Rødland og Eline Mugaas
    Foto: TKM/ Christina U. Andersen
  • Robyn om årene ute av rampelyset

    Robyn kommer med ny musikk i oktober, åtte år etter at hun slapp trilogien «Body talk». I et stort portrettintervjuet i New York Times forteller den svenske artisten at hun var utslitt, og har gått i terapi i mange år for å komme ut av mørket. Samtidig begynte hun å skrive musikk igjen. – Jeg måtte traffe bunnen for å virkelig gjøre fremskritt, forteller hun til avisen. – Jeg føler det ikke som om jeg er «tilbake». Det føles mer som om jeg er en annen person etter denne tiden.

    Robyn
    Foto: Kim Erlandsen / NRK P3